– Eg trur folk her er opptekne av det, at vegen skal kunne brukast av alle, og av mange. Kystvegen er ikkje berre for næringslivet eller dei som bur på visse stader. Den skal brukast av alle som ferdast på vegen, og trasé bør veljast deretter, seier Vik.

Torsdag arrangerte Ålfoten grendeutval saman med Davik utviklingslag eit folkemøte for å få meir informasjon om Kystvegen og prosessen fram mot traséavgjerd seinare i år. Gymsalen ved Davik oppvekst var tettpakka, og Vik trur det var rund 140 som møtte opp.

– Vi følte det var behov for eit slikt møte. Engasjementet for Kystvegen har vore stort i det siste, både i media og lokalt.

Vik fortel at det er viktig for folket i bygdene på sørsida å bli høyrde.

– Vi veit ikkje om vi kjem nokon veg, men vi vil i alle fall få fram kva vi meiner, seier Vik som trur at regjeringa også vil ha eit ord med i laget når det gjeld traséval.

Etter å ha høyrt prosjektleiar i Kystvegen Måløy-Florø Reidar Sandal forklare om prosessen og dei ulike vala, meiner Vik at alternativet med brukryssing frå Bryggja til Otteren, det indre alternativet, er absolutt det beste. Dette alternativet er også det dyraste, om lag tre milliardar meir enn dei ytre alternativa.

– Men det genererer klart mest trafikk viss ein tenker aust-vest. Og det er litt viktig å få med seg at det ikkje er berre vi fastbuande som skal bruke denne vegen. Det er ei trafikkåre for dei som skal vidare austover eller opp til Ålesund, seier han.

– Er det ei unison oppfatning i Ålfoten-Davik-området?

– Viss brua kjem på Bryggja, så trur eg ingen, eller i alle fall berre eit fåtal, vil ha innvendingar mot det.

Bygdelaga i Ålfoten har også tidlegare uttalt at det for dei er uaktuelt å gå med på at ferja Stårheim-Isane vert kutta om ferjeavløysingsmidlane skal nyttast på brukryssing i ytre. Dei slåst då for å få behalde ferja. Men no ser dei løysinga med bru i indre som endå betre enn ferje.

– Ei brukryssing i indre vil gi oss ei helt anna verd, og vere veldig tidsbesparande.

Utviklingslaga sendte også før jul eit brev til kommunen med sitt syn.

– Vi har også sendt brev til Statens vegvesen. For oss er det samfunnsnytta som gjeld, mest mogleg trafikk, og best trase for flest mogleg.

Bremanger kommune skal vedta sitt traséval før sommaren.