Bremanger lensmannskontor har i dag gått ut med ei oppfordring til alle foreldre.

I oppfordringa, som vart publisert på Facebook, skriv lensmann Espen Gulliksen at foreldre må være flinke til å setje grenser for barna.

Her er heile innlegget:

Kvar einaste dag denne sommaren skjer det lovbrot i Bremanger. Lovbrot som ikkje alle foreldre synes det er so nøye med.

Det kan vere at dei let eigne ungdomar køyre moped utan hjelm eller før dei er gamle nok. Då slepp dei maset frå poden.

Det kan vere at 14-åringen får køyre ATV'en slik at han endelig kan gjere nytte for seg på garden.

Kanskje gutungen utan båtførarprøva skal få køyre pappas store båtmotor slik at han slepp å byte til 9,9'en.

Eller kanskje ungen skal få lov å køyre Hoverboarden, for den lova forstår vi ingenting av uansett.

Då vil eg som forelder seie klart i frå at dette ikkje er greitt. Lovane er til for å holdes, og som forelder prøver eg å oppdra barna mine til å bli lovlydige. Dei må forholde seg til aldersgrenser som er gjevne uansett om eg forstår dei eller ikkje. At naboen då gjer poden sin lov til å bryte lova, gir meg utfordringar i å forklare grensesetjinga for mine eigne barn.

Som lensmann og innbyggjar i Bremanger ser eg av og til disse lovbrota. I uniform vil du se meg reagere stort sett kvar gong eg kjem over noko slikt.

Du vil ikkje se meg springe etter mopedistar utan hjelm når eg ferdas rundt i kommunen på min fritid. Kanskje reagerer eg heller ikkje på at poden din køyrer båten din eller tek ein tur på Hoverboarden. Men det betyr ikkje at eg synes det er greitt. Det er berre det at eg også kan ha andre ting å gjere på fritida enn å setje dei grensene andre burde ha satt.

Lovbrot har ein smitteeffekt. Lar eg poden din bryte ei lov, så kan naboen tro at eg lar hans pode bryte ei anna lov ein annan gong.

Med dette vil eg si at eg når som helst, også på mi fritid, kan slå ned på lovbrot av alle slag. Resultatet kan vere at eg kallar deg og din håpefulle inn til eit avhør på lensmannskontoret, og i ytterste konsekvens kan du få både bot og inndragning av førarkort.

Spør du meg, så er ikkje det det verste som kan skje. Verre er det om du som forelder har sørga for at poden har brutt lova og ikkje får ta førarkort når han eller hun er gamal nok, mens alle kameratane køyrer rundt med sine bilar eller mopeder. Berre fordi du ikkje torde å si "nei".

Kun ei oppfordring til alle ungdomsforeldre til slutt.

GJER BARNA EI TJENESTE! SETT GRENSER!