Bremanger Senterparti, som mange ville sett på som Ap sin naturlege samarbeidspartnar i eit kommunestyre, blei aldri tatt inn i varmen - trass i at partia saman ville hatt eit fleirtal.

Men sjølv om han føler seg vraka, trur Sp sin ordførarkandidat, Marius Strømmen, likevel på eit godt samarbeidsklima dei neste fire åra.

– Kommunestyret i Bremanger er bygd på samarbeid. At Ap no valde V, H og SV, og såleis gjer eit skifte av samarbeidsparti, er berre sånn det er, seier han, og legg til at han ikkje vil la dette prege samarbeidet.

– Eg ber ikkje nag. Det er eg ikkje typen til. Eg krummar nakken og går vidare. Det er uante mulegheiter, både for meg og for Bremanger, seier Strømmen som arbeider som overstyrmann på Hurtigruta i tillegg til å drive sitt eige firma, Havfront.

Skuffande

– Du hadde ambisjonar om å gjere ein innsats for kommunen. Er du skuffa?

– Ja, dei vraka oss jo, etter å ha sagt at vi skulle bli kontakta først. Men dei må sjølvsagt få til det styret dei kan få til. Det er tydeleg at eg kom inn som eit friskt pust. Kanskje det skremte dei litt, seier Strømmen som fekk stor tillit frå veljarane med 19,3 prosent av stemmene, mange personstemmer frå eige parti og slengarar frå andre.

– Hadde dette noko å gjere med kystvegdiskusjonen i forkant av valet, trur du

– Det kan hende, men det er ikkje noko eg funderer over. Vi skal ikkje gnage på det gamle. Det som skjer det skjer. Vi må vidare, tenke næring og arbeidsplassar. Denne kommunen treng indremedisin. Vi må skape arbeidsplassar sjølve, seier 30-åringen frå Rugsund, som synest det er skremmande at det finst store bygder i Bremanger utan privat næringsliv.

Vaktbikkje

For han er det aller viktigaste at ein som kommunestyre maktar å sjå heile kommunen. Han vil ikkje vere med på sentraliseringsbølgja.

- Derfor trur eg det er viktig med Senterpartiet si røyst, både i kommunestyret og i det formannskapet eg skal sitte i, når vi skal snakke skulestruktur, tenestetilbod og legevaktordning. Nokon må passe på sånn at ein ikkje fell for freistinga og slår oss saman med Flora, seier han.

Same tankegang har han når det gjeld kommunesamanslåing. Bremanger har det som trengst til å klare seg fint åleine.

- Eg synest ikkje dei andre partia har vore tydelege nok på dette. Venstre har til dømes eit klart samanslåingsmantra, og ropar på fylket. Men seier så at dei vil lytte til folket at det er folket først som gjeld. Om ein så høyrer på fylkesleiaren i Sogn og Fjordane, er det samanslåing som gjeld.

- Får ein rom til å gjere ein innsats for kommunen som del av ein liten opposisjon?

- I staden for ein arbeidande politikar, som var det eg håpte på, blir eg nok no meir ei vaktbikkje. Korleis det vil bli, får vi berre sjå.

Treng modernisering

Strømmen er med på at kommunestyret og lokalpolitikken i Bremanger treng ei vitalisering, men han er ikkje sikker på om vegen å gå er å opprette dei gamle utvala igjen.

Desse blei meir eller mindre lagt ned då Terra-saka flauma over kystkommunen, og oppgåvene blei lagt til administrasjonen som har halde stø kurs gjennom dei økonomiske problema.

- Dei snakkar om omorganisering i samarbeidsavtalen, men eg har ikkje tru på den gamle utvalsmodellen. Vi treng meir prosjektstyring, tverrpolitisk sett saman og i samarbeid med næringslivet og administrasjonen. Vi må ikkje grave oss ned i altfor mykje struktur sånn det har vore før. Det blir bakstreversk og får oss ikkje inn i framtida, seier Strømmen, og legg til:

- Eg trur ikkje det er mulegheita til å få sitte i eit utvalsmøte som vil få opp engasjementet blant politikarane. Eg er veldig spent på å sjå korleis dette blir.

Vil gjere sitt

Etter den første skuffelsen over ikkje å ha blitt ordførar, eller vore i posisjon i kommunestyret, har lagt seg, er Strømmen heilt klar for å gjere ein innsats for Bremanger i opposisjon.

- Hadde eg fått mulegheita, skulle eg verkeleg ha bidrege. No får eg bidra på andre måtar, seier han.

Men det ser han ikkje mørkt på.

- Nei, ikkje i det heile tatt. Eg er positiv til kommunen min. Eg tenkjer eigentleg heile tida på korleis eg kan jobbe for å gjere den betre. No må vi berre sjå framover.