Ordførar Ola Teigen seier at vindstyrken på brua allereie er høg og at vinden skal auke.

– Måløybrua vil nok bli stengt og Skram skole blir derfor stengt. I tillegg skal dei elevane som bur på fastlandet og går på Vågsøy ungdomsskole bli. Det blir jobba med å få på plass eit opplegg for desse, seier Teigen.

1. klasse i Skramsmarka går som vanleg og førsteklassingane har ordinær skuledag med SFO.

Alle foreldra til elevar på Skram skole fekk melding frå rektor Jens Frode Vågen klokka 07.23 om at modulskulen held stengt.

– På morgonmøte bestemte kommuneleinnga at modulskolen blir stengt i dag på grunn av vinden. 1. klasse går som vanleg i Skramsmarka. Førsteklassingane har ordinær dag med SFO etter skuletid. Det blir ikkje tilbod om SFO i dag for 2. til og med 4. trinn, skriv han.

Vil sørge for ordning for tilsette

Det jobbast også med ei ordning for dei tilsette som skal på jobb i Måløy og som må køyre over brua.

– Vi kjem til å sette opp Øyglimt for å sørge for at dei tilsette kjem seg på jobb, seier han og legg til:

– På heimesida til kommunen vil det vere oppdatert informasjon.

Her kan du følge med på vinden på Fjordenes Tidende sine webkamera.

Det blåste friskt på Måløybrua litt før 7.30 onsdag morgon. Foto: Gjert Myrestrand