– Det har vore eit trafikkuhell i Krakeviktunnelen klokka 08.21, opplyser operasjonsleiar ved Vest politidistrikt klokka 08.38 fredag.

Det er berre ein bil involvert.

Førar var åleine i bilen.

Bilen har køyrt i fjellveggen inne i tunnelen og airbags er utløyst.

– Førar hevdar seg uskadd og det er ikkje meldt om trafikale problem, opplyser operasjonsleiaren.

Både politiet og brannvesenet har rykt ut til åstaden.

– Svelgen stasjon og polity rykker ut, opplyser redningsleiar i 110 Vest fredag klokka 08.40.