Vaknar du denne fredagsmorgonen og lurer på kva du skal gjere i helga? spør operasjonleiaren.

- Vi foreslår: skift til vinterdekk og sjekk lysa! Og at du sjølv, partnaren, barn, barnebarn, kollegaer og naboar har refleks i mørketida.

Og politiet gløymer ikkje syklistane:

– Syklistar: ikkje noko unntak på lys og refleks!

Yr.no opplyser at det er kuldegrader fleire stader, ikkje minst på fjellovergangane, i morgontimane. Varmegradene kjem ikkje krypande før litt utpå føremiddagen nokre stader i høgda.

På Nordfjordeid er det −1 grad klokka 7, i Svelgen, Kalvåg og Måløy er det 2 varmegrader, over Maurstadeidet er det −3, i Selje er det 1 varmegrad og på Stadlandet 0.