Ungdommens kommunestyre presiserte at det var viktig for dei at ungdommen si eiga stemme blir høyrt, og ber om at fylkeskommunen legg vekt på det dei seier.

Dette er uttalen som blei vedtatt:

«Ungdommens kommunestyre i Kinn er bekymra for dei store endringane som er foreslått ved dei vidaregåande skulane i vår kommune, hovudsakleg ved Måløy vidaregåande skule.

I høyringsforslaget er det forslag om å redusere elevtalet ved Måløy vgs med 109 elevplassar der tilboda studiespesialiserande, TAF/YSK og restaurant- og matfag er føreslege fjerna og flytta til andre skular i Vestland.

Slik vi ser dette er det vanskeleg å forstå fordi Måløy vgs er den skulen i Nordfjord med størst søkartal, og har nok søkarar til desse tilboda ved skulen. Ved å fjerne så mange elevplassar så vil det føre til at veldig mange fleire elevar må flytte på hybel, og reise lenger vekk frå heimen for å gå på vidaregåande skule, og at det blir større kamp om elevplassane som er att på skulen.

At fleire ungdomar, som gjerne ikkje er klar for det, må flytte på hybel kan få uheldige konsekvensar for mange med til dømes fråfall og manglande gjennomføring, og at hybelleigeprisane vil gå opp.

Å flytte studiespesialiserande frå Måløy vgs til Eid vgs vil føre til lang reisetid for elevar frå både Måløy/Vågsøy, Selje og Stadlandet. Det vil vere ei dårleg løysing at elevane frå Måløy-området må ta skulebuss forbi nærskulen sin på vegen til Eid vgs når ein har nok søkarar til å oppretthalde tilbodet på nærskulen.

Desse elevane vil måtte pendle omlag to timar kvar dag som vil utgjerer om lag 10 timar pendling pr. veke. Skuleskyss for desse elevane vil utgjere ein ekstra kostnad som Vestland fylkeskommune må ta høgde for.

Mange av dei vil velje å flytte på hybel, anten på Nordfjordeid eller andre stader med studiespesialiserande tilbod. Å miste denne aldersgruppa vil vere dramatisk for lokalsamfunnet i Måløy/tidlegare Vågsøy. Dette gjeld både for fritidstilbod, kulturliv, handelsnæringa, næringsdrivande som treng arbeidskraft og for det sosiale ungdomsmiljøet. Det er også viktig for seinare tilflytting at ungdommar i denne aldersgruppa får bygd opp tilhøyrigheit til heimstaden.

TAF/YSK-tilbodet er eit populært og ettertrakta utdanningstilbod blant skuleelevar og næringslivet i regionen. Det er ikkje logikk i at ein seier at ein vil styrke satsinga på yrkesfag samstundes som ein skal fjerne desse elevplassane ved Måløy vgs. Ved å sentralisere TAF/YSK-tilbodet til Knarvik vgs må elevane som vil ta denne utdanninga flytte på hybel i Knarvik, nord for Bergen. Elevane må i tillegg vere lærlingar i Knarvik og området rundt fordi reisevegen mellom Måløy og Knarvik er for lang til at ein kan kombinere eit skuleløp i Knarvik og lærlingløp i Måløy/Kinn/Nordfjord. Det vil også bli større kamp om elevplassane i Knarvik.

TAF/YSK Akva vil forsvinne som utdanningstilbod i Vestland, og det vil berre finnast eitt tilbod om dette i Norge ved Sandnessjøen i Nordland fylke. Satsinga på sjømat og akvakultur er stor i vår region, og lokal arbeidskraft vil vere avgjerande. Dei elevane som vil gå på TAF/YSK helsefagarbeidar og TAF/YSK industriteknologi vil måtte finne seg lærlingplassar i Knarvik, og næringslivet og kommunane i Nordfjord vil miste desse viktige lærlingane og arbeidskrafta. Næringslivet i Måløy er i stor grad industrielt retta, og dersom ein mistar TAF/YSK industriteknologi, vil ein ikkje klare å rekruttere t.d. industrimekanikar eller sveisar lokalt. Ordinær VG2 industriteknologi på Eid vgs har lav søking til komande skuleår og er foreslått å ikkje starte opp hausten 2024. Dette tilbodet låg fram til 2016 til Måløy vgs.

Restaurant- og matfagtilbodet ved Måløy vgs er eit særs viktig utdanningstilbod for heile regionen vår. Linja produserer lærlingar som det er ein skrikande mangel etter i heile Vestland og Norge. I vår region satsar kommunar og næringsaktørar på reiseliv der matopplevingar er ein viktig del. Då er det eit stort paradoks å legge ned eit studietilbod som eit satsande næringsliv treng. Næraste utdanningstilbod vil vere Førde, noko som igjen vil føre til fleire hybelbuarar, og at dei som ønsker å ta denne utdanninga frå vårt område vel ei anna utdanning der ein ikkje treng å flytte på hybel. I tillegg er det stor etterspørsel etter maritim kokk på båtar innan marine og maritime næringar. Maritim kokk vil kunne bli eit nytt tilbod i sitt slag i Norge som Måløy vgs vil vere den første vidaregåande skulen til å kunne tilby.

Måløy vidaregåande skule rekrutterer også elevar frå Bremanger og Florø. Frå 1. mai 2024 vil ein få ei ny hurtigbåtrute med Kystvegekspressen om morgonen, som vil gjere det mogleg å dagpendle frå Florø og Bremanger til Måløy. Det vil vere svært dumt å først etablere eit kollektivtilbod, for deretter å fjerne viktige og populære studietilbod ved Måløy vgs.

For Flora vgs sin del er det foreslått å legge ned linja Sal, service og reiseliv. Næraste tilbodet for dei som vil gå denne linja blir då Førde, noko som vil føre til lang pendling eller hybel. Dette er ei foreslått endring som vil vere negativ for Flora vgs og for elevar der.

For Ungdommens kommunestyre i Kinn er eit lokalt utdanningstilbod viktig. Vi er bekymra for lokalsamfunnet, særleg i Måløy, dersom ein mistar mange vidaregåande elevplassar. Vi er også bekymra for elevane som får lang reisetid til studiestaden og kanskje må flytte på hybel. Vi ber derfor fylkespolitikarane om å ta omsyn til ungdommane si stemme når dei skal avgjere denne viktige saka.

Dersom det likevel blir gjort endringar i studietilbodet, er det viktig at elevar som har starta på ei studieretning får fullføre løpet på den skulen dei har starta på.»