Saker om vêr og vind er noko som opptar folk, spesielt når det gjeld Kråkenes fyr og Vestkapp, og ikkje minst Måløybrua. Til sommaren er det 50 år sidan kong Olav opna brua som i dag er kritisk for samferdsla i denne delen av Nordjord. Før den tid måtte ein i ferje eller eigen båt til og frå fastlandet. Måløybrua stenger som kjent når vinden når orkan styrke, altså over 32 meter per sekund.  Derfor lanserte Fjordenes Tidende vindappen Vindvarslar for nokre år sidan.

Appen blei utvikla av Sebastian Fløysand Kvalheim som då var IKT-læring, og arbeidet var eit samarbeid mellom FJT, Triangel og Nordfjordnett, finansiert av Fjordenes Tidende og fleire lokale aktørar. Vi vil takke den kreative og dyktige Sebastian for det gode samarbeidet. Han gjorde ein kjempejobb slik at våre lesarar når som helst kunne sjekke vindstyrken på Måløybrua.

Så er det ikkje til å legge skjul på at det har vore utfordringar undervegs knytt til dårleg vêr, lyn og torden for dette kameratilbodet. Røffe vêrforhold har tidvis tatt både dette og andre av våre webkamera ned. Lesarane i nedslagsfeltet til Fjordenes Tidende bur jo ytst i havgapet, og Nord-Atlanteren er ikkje langt unna. Folk er vande med at naturen vil ha eit ord med i laget. Vind, straum, bølgehøgde og lynnedslag er ein del av kulturen og livet på kysten.

Vindappen har tent oss godt, men det er ei tid for alt. Tida har derfor kome for å fase ut appen, men fortvil ikkje. Kameraet som viser vinden på Måløybrua blir ikkje fasa ut. Det vil no framover ligge berre éin stad og framleis godt tilgjengeleg, nemleg på fjt.no.

Her finn du webkameraet som viser vinden på Måløybrua og sju andre webkamera.

Du finn kameraet ved å gå inn på fjt.no og klikke på «webkamera» i den øvste headingen. Her ligg også dei andre sju webkameraa, mellom anna kamera frå Kråkenes fyr, Vestkapp og Risnakken i Selje. Her har vi eit godt og konstruktivt samarbeid med utflytta måløyværing Finn Humborstad i Triangel Security.

Så vindstyrken på Måløybrua får du altså framleis sjå, og kameraet ligg framleis ope og gratis på fjt.no. Vi ønsker at alle skal ha tilgang til denne informasjonen.

Dersom du oppdagar eit kamera som har nedetid, og som ikkje fungerer, gje oss beskjed på fjt@fjt.no.

Vi jobbar elles med fleire aktuelle nye webkamera knytt til spennande prosjekt i dekningsområdet vårt.