– Ei rekke lokale bedrifter er med på å støtte eit beløp mellom 5 og 10 kroner per tur som blir gått og skrive i boka på Kletten laurdag. Nokre bedrifter har også støtta med ein fast sum. Per no har over 30 bedrifter sagt ja til å vere med å støtte denne viktige saka, seier Otelie Flataker.

Ho og resten av russen oppfordrar alle til å ta seg en tur på Kletten denne dagen for å støtte ei viktig sak.

– Gå gjerne fleire gonger dersom du ønsker og orkar. Ta med deg ein venn, hunden din, eit familiemedlem eller gå aleine, og nyt finvêret som er meldt. Gå turen i ditt eige tempo når som helst på dagen for å bidra til å samle inn pengar til Kreftforeininga, seier ho.

Pengane i år går til forsking på spreiing av kreft.

Russen har også eit lokalt Vipps-nummer (451018) der dei samlar inn pengar til Krafttak mot Kreft.

– Så viss du endå ikkje har fått moglegheita til å støtte, kan du gjere det, og det er fortsatt mogleg for andre bedrifter å bidra dersom dei ikkje allereie er med, seier Otelie.