Siste år fall vaksinedekninga mot influensa frå 63 til 59 prosent for risikogrupper, og frå 56 til 50 prosent for helsepersonell, skriv FHI i ei pressemelding.

Etter fleire år der det var relativt lite sesonginfluensa ute og gjekk, var den tilbake for full styrke førre sesong. 5500 personar vart innlagde på sjukehus frå veke 40 og fram til no. I tillegg var det framleis mange som fekk og vart sjukehusinnlagt for korona – 6700 i same periode.

Yngre slurvar

– Det høge talet på innleggingar gir ei stor belastning på helsetenesta, og kan få alvorleg utfall for dei som blir sjuke, seier smitteverndirektør Trygve Ottersen.

Han seier særleg yngre med kroniske sjukdommar byrjar å slurve med vaksinen, og oppmodar fleire til å ta influensa- og koronavaksinar.

FHI veit førebels ikkje korleis influensasesongen vil bli, men åtvarar om moglegheita for ein kraftigare sesong.

Kan bli ein kraftig sesong

– Vi ser at influensavirusa har endra seg, og det er ei stor moglegheit for at H3N2-viruset vil vende tilbake. Dette er eit virus som vi har mindre vern mot, fordi det er lenge sidan det har forårsaka store utbrot med mange smitta. Det kan i så fall bety at fleire blir alvorleg sjuke, særleg blant dei eldre, seier Ottersen.

FHI oppmodar særleg at alle over 65 år, bebuarar i omsorgsbustader og sjukeheimar, gravide i 2. og 3. trimester og personar med ei rekkje kroniske sjukdommar til å ta influensavaksine og ein oppfriskingsdose mot koronaviruset.