Ho er ein av totalt 91 vikarar som helsesektoren i Vågsøy kommune har inne i sommar. Sidan Hopland er ufaglært var ho usikker på korleis arbeidsdagen ville bli, men grundig opplæring har gjort ho sikker.

– Eg visste ikkje korleis eg skulle vere i starten, men så er det veldig kjekke folk og eg fekk god opplæring. Det er ein jobb som kanskje går litt meir innpå deg enn om du hadde jobba i butikk eller gjort andre ting. Ein kjem nært innpå menneske, og ein blir jo glad i dei.

Kollega Sara Sumstad (22) er nyutdanna vernepleiar.

– Eg har vore sommarvikar her i fem år, fortel Sumstad, som merkar skilnad i arbeidsoppgåvene som nyutdanna.

– Eg får meir ansvar. Det er både positivt og negativt. Det er kjekt fordi ein lærer noko nytt heile tida, og eg får utfordra meg sjølv, seier Sumstad.

Natalie Refvik (21) har også fått meir ansvar. Ho snart er ferdig utdanna sjukepleiar.

– Ein får eit stort ansvar og blir kasta ut i ting. Det einaste eg ikkje får gjere er å kontrollere medisin, elles jobbar eg som sjukepleiar, seier Refvik, som jobbar i heimetenesta.

Gruppeleiarane på dei ulike områda er heilt avhengige av å hente inn så mange vikarar.

– Drifta hadde ikkje gått rundt utan dei fantastiske sommarvikarane vi har inne, og vi har nokon utruleg flinke folk som jobbar hos oss, seier Katrine Holvik Skinlo, som er gruppeleiar for miljøtenesta i Vågsøy kommune.

– Det betyr veldig mykje, og vi treng både dei som er pleiemedhjelparar og studentar. I år har vi vore heldige og fått fleire sjukepleiarstudentar enn vi har hatt tidlegare, seier Maren Sumstad Bakke, gruppeleiar for heimetenesta.

– Det er som ofte er vanskeleg, er å få inn fagpersonar, legg Anette G. Hovden, gruppeleiar for fastlandet og Bryggja til.

Område Vågsøy har 22 sommarvikarar, område Fastlandet 36 og Kulatoppen omsorgssenter 21. Legekontoret har 1.

Rekruttering: Katrine Holvik Skinlo (f.v.), Anette Gotteberg Hovden og Maren Sumstad Bakke er gruppeleiarar på kvar sine avdelingar og ser på sommarjobbane som viktig for rekruttering.

Gruppeleiarane i Vågsøy ser på sommarjobbane som nyttig for framtidig rekruttering til helseyrke.

– Det er kjempeviktig å få inn folk som kan sjå at dette faktisk er eit yrke som ein kan trivast i livet ut. Vi har behov for hjelpepleiarar, sjukepleiarar, vernepleiarar og helsefagarbeidarar til å komme og jobbe med oss, seier Katrine Holvik Skinlo i miljøtenesta i Vågsøy.

Det varierer frå år til år kor mange vikarar dei får inn, men gruppeleiarane kunne i år gle seg over fleire søkarar.

– I fjor var det ikkje så veldig mange søkarar, men i år hadde vi ein betydeleg auke i søkarmassen, seier Maren Sumstad Bakke i heimetenesta.

Dei ser ofte at tidlegare sommarvikarar endar opp med fast jobb i kommunen.

– Eg ser no at vi får igjen sjukepleiarar som har hatt sommarjobb her tidlegare. Dei har tatt helsefagleg utdanning, budd i byane og så kjem dei heim, seier Sumstad Bakke.

Dei synest også at det er viktig å gje ufaglærte sjansen.

– Alle er hjarteleg velkomne til å søke, og så har vi jo ein gjennomgang. Så klart tek vi inn dei som aldri har vore i yrket før, for ein må jo få lov å begynne ein plass, seier Holvik Skinlo.

– Generasjon som blir eldre er aukande, noko som gjer at vi har større behov for fagkompetanse, legg ho til.

Behovet for fleire fagpersonar i helsevesenet er aukande.

Ho peikar vidare på at det er større krav til kommunane, ettersom til dømes pasientar no ikkje skal vere så lenge på sjukehus.

– Før tenkte ein at ein fekk meir utfordringar på sjukehus, slik er det ikkje lenger. No har ein meir ansvar i kommunane og jobbar veldig sjølvstendig, seier Maren Sumstad Bakke.

– Det å ha sommarjobb og få folk inn så tidleg som mogleg, vise at jobben er spennande og utfordrande, gjer kanskje at dei kan tenke seg å utdanne seg innanfor helse, seier Holvik Skinlo.