Mannskapet hadde oppdaga ein mann i 30-åra som hadde lurt seg om bord i Bergen som blindpassasjer måndag kveld, opplyser Vest Politidistrikt.
Mannen var sterkt rusa og han nekta å betale for seg. Mannskapet på hurtigruta sette mannen i arresten om bord i båten.
I Flora vart den rusa passasjeren henta og teke med til arresten av politiet i Florø.
Politiet opplyser at mannen vil bli presentert eit gebyr frå hurtigruta for turen frå Bergen til Florø.
Tysdag morgon hadde ikkje politiet klart å finne ut kvar den rusa passasjeren skulle.
Politiet opplyser at han er norsk borger, men ikkje er registrert med adresse verken i Hordaland eller Sogn og Fjordane.
Etter at mannen var teke hand om av politiet fortsette hurtigruta vidare nordover til Måløy.