Kyrkjeverje Stein Robert Osdal i Vågsøy orienterte soknerådet i siste møte om eit innspel frå Helge Hjelle frå Måløy om at Vågsøy sokneråd må jobbe for å endre namnet på Sør-Vågsøy kirke til Måløy kirke.

Kyrkjeverja orienterte vidare om prosessen rundt eit namneskifte.

Vågsøy sokneråd vil på ingen måte avvise saka, men ynskjer å kartlegge haldninga til denne saka lokalt før ein konkluderer og eventuelt sender saka til Bispedøme for realitetshandsaming.

Eit samla Vågsøy sokneråd går for ein slik prosess i namnespørsmålet.

I spørsmål om det same bør settast i verk i samband med Nord Vågsøy kyrkje på Raudeberg var det eit medlem som var klår på at namneendring ikkje burde skje.

Fleirtalet i soknerådet var likevel positiv til at ein også for denne kyrkja bør gjennomføre liknande lokal kartlegging.

– Dette er slett ikkje noko dumt forslag. Det er i tråd med korleis vi omtalar kyrkjene våre. Vi snakkar om Måløykyrkja og vi snakkar om kyrkja på Raudeberg. Og så har vi alt Totland kyrkje som ber namnet til staden der den står, seier Stein Robert Osdal, som også viser til at alle tre kyrkjene i nabokommunen Selje har namn etter staden dei står på.