Ti år etter at han vart frelst har Rune Langsethgått frå å mikse drinkar til å skjenke altervin i Sør-Vågsøy kyrkje.
–Heilt vanvitig, seier han sjølv om livsendringa.
45-åringen bur i dag i Måløy med kone og dotter.Der trivst han i jobben som barne- og ungdomsprest i Vågsøy.
– Eg får lov å fortelje folk om Jesus og kva han har gjort for dei. Og egsynest det er utruleg stort dersom mine ord og handlingar, livet mitt, kanbidra til at menneske oppdagar at Skaparen av himmel og jord er glad i dei.
Det er nok ein bodskap ein ikkje hadde venta om ein hadde følgt trøndereni tidlegare i livet.
På leiting
Rune Langseth hadde ein heilt normal oppvekst iTrondheim med gode foreldre og ei syster. Men han var ein rastlaus gutunge.
– I dag minnest eg ei uroleg skuletid, med mykje grenseprøving. Eg forstodikkje då at eg var på leiting etter identitet, eit sjølvbilde.Rune ville kvitte seg med autoritetar og gjekk eigne vegar.
– I 7. klasse såg eg ingen poeng ved å ha kristendomsundervising. Egvar av dei fyrste elevane i Norge som fekk innvilga alternativ undervisingi religion. Det var mitt fyrste tydelege opprør mot kristentrua.
Raske skifter
Sjølvsagt valde han borgarleg konfirmasjon, og fann fort ut at han fornektaGuds eksistens.
– I praksis var eg ateist, utan at eg kalla meg det. Ei haldning eg haddelangt ut i vaksen alder.
Søking etter eit eller anna heldt fram som ungdom og ung vaksen. Rune sloseg ikkje til ro med noko, skifta fort både arbeid og venner. Heldt ut påfolkehøgskule eit halvt år. Prøvde deretter på vidaregåande, menslutta.
– Eg hadde ikkje ro og motivasjon for noko. Eg fann ut at det var gøy åvere på fest, og vekslande arbeid av kort varigheit skaffa meg pengar.
Bygde seg opp
Det yrket som gav mest vart som kelner i heimbyen Trondheim, så vart detOslo med nytt venemiljø i restaurantbransjen. Fyrst som kelner, seinarehovmeister.
– Eg likte arbeidet, gjestene var tilfreds og kollegaene likte meg.Det gav sjølvtillit og innhald i livet. Likevel kjende eg på ein grunnleggjandetomheit.
Det store ved sidan av jobben var trening og kroppsbygging.
– Det var noko eg beherska, eg fekk sjå resultat i form av ein veltrenakropp og livsstilen gav meining. I mange år var eg oppteken av klede ogutsjånad. Image. Korleis eg vart oppfatta.
I kristent miljø
Rune hamna etter kvart bak bardisken og miksa drinkar, og treivst sværtgodt med statusen det gav.
– Blant anna vart eg sjef på ein av dei hottaste uteplassane på Grünerløkka.Då var lykka nådd for meg.
Så møtte han nokre som song i kristne kor og gjekk i menigheiter, og Runevart mellom anna med på leirar og liknande.
– Frå å vere motstandar av kristentrua vart eg meir open, med aksept for detdei trudde på.
Møtet med truande kristne reduserte imidlertid ikkje tomheita i livet,så Rune ville vekk for å finne lukka. Men cowboy i Texas vart ikkje sompå film. Heller ikkje jobben som timeshareseljar på greske øyar, eller turentil Los Angeles, vart ein suksess
Braut saman
– Mine forsøk gav ikkje det resultat eg søkte og håpa. Eg søkte identitetog det faste punkt. Etter denne runda fekk eg i 2003 ein mental knekk.Samanbrot.
Rune var langt nede og gjekk inn i ein periode utan framtidshåp og derlivsgneisten bortimot var slokna.
– 8. september 2003 var min verste dag til då i livet. Eg mista all energiog hadde tankar om at livet var over. Slutt. Tenkte ikkje på sjølvmord,men eg klarte ikkje å ta eit einaste skritt. Framfor spegelen på badet,med lyfta blikk og hender sa eg: «Gud! Eg kan ikkje leve livet mitt som eggjer no. Kom og ta over livet mitt. Eg er ferdig!».
Fekk reaksjon
Deretter køyrde Rune ein tur, og sette på ein lovsong-CD som ein kompiseigde. Refrenget kom igjen. “Lift up your heads, open your hearts and let theKing of glory come in. And forever be your God».
– Med eit vart heile kroppen varm, frå topp til tå. Hjertet pumpa veldig,seier Rune og legg til:
– Hjertet mitt voks inne i meg! Eg fornemma svak, god elektrisitet i heilekroppen. Eg gret som eg aldri har grete før i livet. På same tid som eg losom eg aldri har ledd. Så plutseleg ropte eg automatisk «Halleluja!».
Drog langt vekk
Rune fortel enkelt om dramatisk forandring.
– Ei kraft kom inni kroppen min, eg kan ikkje seie meir om det som skjedde.Eg anar ikkje kor lenge dette varte. Eg visste berre at Gud svarte mibønn. Det var han som var komen til meg. Umiddelbart vart det skapt eit nytthjerte og ei ny ånd inni meg. Eg døydde den dagen, og stod opp igjen. Eitnytt menneske.
For å markere si nye retning, alt lagt bak, reiste han til ei lita øy iStillehavet og tok eit kurs på ein bibelskule i regi av Ungdom i Oppdrag.
– Under dette opphaldet vart eg kjend med Jesus og meg sjølv. Halvåret iStillehavet er den beste tida i livet mitt.
Pengar i lufta
Heime i Norge hadde han hundretusenvis i gjeld på ei leilegheit han haddekjøpt. Måtte han reise heim og ordne opp? I fleire dagar bad han på knetil Gud for dette problemet.Og det løyste seg.
Seinare gav han vekk dei få kontantane han hadde til ei lokal menigheitmed behov på den vesle øya.
– Fullstendig blakk stod eg. Ikkje eit øre. Forventa heller ingen pengar.På ei lang strand sat eg like etter åleine. Takksam for å ha gjeve penganefekk eg ei god kjensle. Noko kom frå lufta og landa på brystet. Ein50-dollarsetel. Eg forstod ikkje. Kring meg fanst ingen folk. Er det slik dukan gjere det, Gud?
– Tilfeldig gjekk eg mot skulen. «Gå i motsett retning!», sa det inni meg.«Gå bort til den steinen! Sjå bak den steinen!». Når eg så ser etter, lågder ein 20-dollarsetel. Kven som vil kan bortforklare dette. Eg ser annleispå det.
Fekk svar
Tilbake i Norge brukte Rune tid på finne ut kva han skulle gjere med sittnye liv. Han ville gå på skule for å lære meir om si nye tru. Han fekkkjennskap til Menighetsfakultetet, og melde seg på grunnfag der. Venerspurde om han skulle verte prest.
Han var i sterk tvil om det, og spurde Gud i bøn: «Vil du eg skal verte prestfor deg?».
- Straks kjende eg att den krafta eg fekk den dagen eg vart frelst, og oppfattatydeleg: «Ja, det vil eg».
Deretter tok eg embetseksamen og var ordinert prest. Eg elskar å forteljefolk kva Jesus har gjort for dei, at han elskar dei, og at det er sant dettesom vi fortel om frå Bibelen.
Rune i dag
No har 45-åringen vore prest i Vågsøy i over to år.
– Eg veit kva eg trur på, kva eg vil tru på. Eg kjenner Universets Skapar.Som elskar meg og alltid vil elske meg.
Som prest kjem Rune inn ved høgdepunkta så vel som dei tyngste stunder ilivet.
– Det er stort. Eg digger det og er takksam. Gravferd og bryllaup er kortehendingar, metta med innhald. Der folk er avhengig av meg. Men eg er like mykjeprest i eit tilfeldig møte med folk på gata eller i butikken. Det er ogsåstort og viktig. Elles er eg både prest og Rune. Eg vil vere ein kameratfolk kan snakke med.