– Det blir minst 63 ulike markeringar over heile Noreg. Alt frå rosemarsjar til stands, fjellturar og tenning av lys, seier leiar for førebygging Nina Danielsen i Leve til NTB.

Ho leier arbeidet med verdsdagen, der Leve for første gong har laga eit digitalt kart over alle markeringar for å koordinere alt som skjer den 10. september.

– Det har vore utruleg rørande å lage dette digitale kartet som viser det store engasjementet på grasrota i heile Noreg, seier Danielsen.

Ifølgje Dødsårsakregisteret var det 610 personar som tok sitt eige liv i fjor.

– Trenden har vore stabil over dei siste åra, seier Danielsen.

Alle er velkommen til å tenne lys på Verdsdagen for sjølvmordsførebygging 10. september. Foto: Heiko Junge / NTB / NPK

Ønskjer openheit og handling

Leve er oppteke av meir openheit rundt sjølvmord og ikkje minst at folk flest og styresmakter gjer meir.

– Som samfunn kan vi bli meir merksame på at det er veldig store forskjellar på folk, seier Danielsen.

Det er individuelle forskjellar i korleis ein taklar kvardag, krav og forventningar, og mange opplever å ikkje meistre livet.

– Vis at du ser. Vis at du lyttar. Vis at du bryr deg. Skap håp gjennom handling, seier Danielsen.

Ved sida av arrangementa i Oslo søndag, skal det tennast 610 lys til minne om dei vi mista til sjølvmord i fjor. Deretter skal kunnskapsminister Tonje Brenna (Ap) få eit opprop om og underskrifter til støtte for konkrete tiltak mot sjølvmord.

– Vi føler at det blir gjort litt for lite, sjølv om vi i Noreg har ein handlingsplan for førebygging av sjølvmord , seier Danielsen.

Global aksjon

På søndag er det også ei verdsomspennande lystenning for å markere dagen.

– Tenn eit lys heime hos deg sjølv, ta eit bilete av det, og del det på dine sosiale medium, lyder oppmodinga.

Lysa skal ikkje tennast berre for dei som tok sitt eige liv, men også for alle dei som har mista nokon i sjølvmord og for dei som slit med sjølvmordstankar.

(©NPK)