Fjordenes Tidende vil i ein artikkelserie ha fokus på trening og helse og møte menneske som har fått endra kvardagen sin takka vere trening.

Førebygging av blant anna livsstilssjukdommar er ein av hovudgrunnane til at det er lurt å vere fysisk aktiv og ha trening som ein del av kvardagen, meiner den nyutdanna legen.

– For kvart minutt du beveger deg i løpet av ein dag vil du påverke spesielt muskel- og skjelettsystemet og hjartehelsa i positiv retning, seier Inselseth.

Kan gjere mykje

Ho er opptatt av alt ein kan gjere for å prøve å unngå å utvikle ein livsstilssjukdom, som i sin tur kan føre til dårleg helse, redusert livskvalitet, langtidssjukmelding og at ein blir ufør.

Trening er eigentleg svaret på mykje meiner Inselseth.

– Ein kan for eksempel sjå at dei med dårleg blodsukkerregulering over tid, som står i fare for å utvikle diabetes type 2, kan ha kjempegod effekt av å komme i gang med treninga dei lenge har tenkt på. Ein ser supergunstige effektar på fleire parametre, og ved å vere regelmessig fysisk aktiv kan ein i nokre tilfeller unngå å utvikle sjukdom og bremse utvikling av seinkomplikasjonar som er forbunde med for eksempel diabetes type 2.

Men det å begynne å trene er ofte vanskelegare enn det høyrest ut.

– Ein kjent hjerneforskar sa vel ein gong at dersom fysisk aktivitet hadde vore ei pille, hadde alle tatt den. Det å prioritere og ta seg tid til trening i kvardagen er egentlig ganske lett, men samtidig så vanskeleg, og ofte mykje vanskelegare enn det høyrest ut, seier ho go legg til:

– Noko av det som er bra er at trening alltid er lett tilgjengeleg. Ein har sjølvsagt treningssentera, som er veldig bra, men ein treng ikkje begynne der. Ein kan gå seg ein tur eller gjere øvingar på stuegolvet. All type trening er betre enn ingen trening.

Høgt kolesterolnivå veit vi alle at ikkje er bra.

– Men kanskje ikkje alle veit at trening også har gunstig effekt på samansettinga av kolesterolet, som igjen er viktig for å førebygge spesielt hjarte- og karsjukdom. Her speler kosthold sjølvsagt òg ei viktig rolle.

Spesielt trening der ein pressar seg sjølv litt, gjer hjartet sterkare. Det får betre samantrekkingskraft og pumpeevne slik at man sparer hjartet for arbeid i kvile, og på den måten vil ein òg påvirke blodtrykket i ei positiv retning.

– Dette er viktige ting for å ha ei god hjartehelse gjennom livet.

Utvikling av muskel- og skjelettplager

Det Inselseth har jobba mest med og som ho ser på som ekstremt viktig slik samfunnet har utvikla seg, er korleis ein skal handtere muskel- og skjelettplager.

– Svært mange av oss sit på ein kontorstol eller i sofaen i opptil åtte til ti timar om dagen. Dei som har stillesittande yrker eller ensformig arbeid, som kontortilsette, sjåførar eller frisørar, vil ha større risiko for å utvikle muskel- og skjelettplager over tid. Risikoen er betrakteleg større hos dei som har site mykje i ro over mange år enn dei som har fysisk aktivitet som ein del av kvardagen.

For svært mange kan ein både førebygge og behandle muskel- og skjelettplager med rettleia trening og tilrettelegging av arbeid.

– Det er så utruleg mykje å hente på å førebygge gjennom trening og fysisk aktivitet. Muskel- og skjelettlidingar er den dominerande årsaka til sjukefråvær og uføretrygd, og eg trur svært mange av desse tilfella kunne ha vore unngått dersom ein klarte å auke aktivitetsnivået i befolkninga.

Inselseth er utdanna lege, har ein bachelor frå Norges idrettshøgskule og har jobba i seks år ved Norsk idrettsmedisinsk institutt (NIMI), som er eit av dei fremste private kompetansemiljøa innan muskel- og skjelettsjukdommar. I tillegg har ho spelt fotball heile livet.

– Eg føler eg har relativt god ballast med tanke på kombinasjonen trening og helse. Og i tillegg brenn eg veldig for det.

I jobben ved NIMI fortalde pasientane at dei kjende at yteevna blei betre då dei begynte å trene.

– Men også dei objektive testane på tredemølle og diverse målingar på laben beviser kor god effekt treninga har hatt. Hos fleire pasientgrupper ser ein den positive effekten treninga har, både på livskvalitet og på heilt objektive parametre som seier noko om organfunksjon.

I tillegg har ein blitt merksam på kva trening har å seie for å betre sin eigen situasjon ved psykisk sjukdom og mental belastning.

– Både hos barn, unge og vaksne ser ein at trening betrar søvnkvaliteten, gir meir energi, og betrar korleis ein handterer stress og vanskelege situasjonar i livet. I tillegg til at trening kan vere med på å førebygge psykiske vanskar ser ein også at trening etter kvart har blitt eit aukt fokusområde i behandlinga av desse sjukdommane.

Inselseth har trent ved Måløy treningssenter og blir veldig glad når ho ser eldre som legg inn trening i kvardagen.

– Eg ser ein del eldre på treningssenteret i Måløy, og eg må berre rose dei for kor spreke dei er. Nokre har trent i mange år og nokre har begynt nyleg. Det er godt å sjå kor god effekt og mykje glede dei har og får av treninga. Det er så ekstremt mykje positivt med det å trene for eldre òg, ikkje minst for å betre fysisk funksjon og førebygge fall. Eg kunne ha snakka om det i timevis!