– Mopedføraren er skadd i ein fot. Ambulanse er på staden og varetek den skadde, opplyste operasjonsleiar i Vest politidistrikt klokka 15.37.

Litt seinare fredag ettermiddag opplyste politiet at føraren av mopeden vart frakta til Førde sentralsjukehus.

– Politiet køyrer dit for å snakke med han, opplyser Vest politidistrikt.

Det var 110 Vest som først melde om at ein bil og ein moped hadde krasja ved Igland i Bremanger kommune fredag

Ulykka skjedde på fylkesveg 5706.

– Meldt om bil og moped som har hatt ein samanstøyt. Brannvesenet er framme på staden, melde 110 Vest klokka 15.14.

Politiet opprettar sak etter hendinga.