Under behandlinga i formannskapet gjekk til slutt eit fleirtal beståande av Ap, H og Sp inn for kommunedirektøren sitt framlegg:

«På bakgrunn av ROS-analyse for brannberedskap, kostnad til oppgradering og heilskapleg vurdering av tenestebehovet på Bryggja, vert drifta ved omsorgssenteret avvikla innan 01.06.2024.».

Fredag står saka på agendaen i årets siste kommunestyremøte i Stad.

Under stiller vi dykk spørsmål om kva som er beste løysing for omsorgssenteret på Bryggja. Vi set fristen til å svare til klokka 12.00 torsdag, og lager ei sak på svara Fjt-lesarane kjem med.

For å kunne svare på lesarspørsmålet må du vere logga inn. Dette fordi det sikrar at kvar respondent berre kan svare éin gong.