– Politiet vil åtvare innbyggjarane om mobile vinningskriminelle som reiser rundt i fylket vårt og stel påhengsmotorar, der hengelåsar og leidningar vert klipte av, skriv politiet i Nordfjord på sine Facebook-sider.

Politiet viser til at det i løpet av ei veke har vore tjuveri både i Selje, Gloppen og Sogndal.

– Som båteigar bør ein ha jamt tilsyn med båten sin, og dersom det er mogleg å gjere ekstra sikringstiltak vil dette vere å anbefale, oppmodar politiet.

Dei fortel vidare at det er stole ein elsykkel og gjort forsøk på tjuveri av elsykkel på ulike adresser i Førde natt til onsdag.