Varaordførar Gunn Sande (Sp) i Selje er nestleiar i representantskapet for Alarmsentralen i Florø og i leiar Olav Lunden sitt fråvær den som representerte sentralen i møte med Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB) og avdelingsleiar Anne Rygh Pedersen sist tysdag.

Ho meiner det er viktig at denne sentralen er i fylket og i Sogn og Fjordane.

Eit møte som også samla ordførarar og brannsjefar frå dei fleste kommunane i fylket.

DSB vil redusere dagens 20 alarmsentralar til 11.

– Vi fekk presentert eit kart med fem prikkar på eit svært så avgrensa område i Oslo og så var det seks andre prikkar for heile resten av landet, seier Sande.

Ho legg til at ho opplever både møteopplegget og forslaget frå DSB som ein skandale.

– Rygh Pedersen starta med å fortelje oss at dette er eit vedtak som skal effektuerast, men at dei først skal ha ein dialog om saka. Snakk om tullprat. Kva skal ein med dialog om ting som allereie er avgjort, spør Sande.

Gunn Sande fortel at alle kommunane i Sogn og Fjordane har uttrykt ønskje om å få behalde alarmsentralen i Florø og at dette er noko dei ikkje kjem til å gje seg på.

– Dette er ein kamp vi kjem til å kjempe og det er viktig å vinne den, seier Sande.

Ho fortel at ho stilte ei rekkje med spørsmål til Rygh Pedersen, men at dei aller fleste vart ståande utan svar.

– Det heile er meiningslaust. Det er ikkje utført sikkerheitsanalyse og det er i det heile ikkje vurdert kva lokalkunnskap har å bety, seier Sande.

Ho seier at det siste spørsmålet ho slepte til med var om alt skulle samlast i Bergen også den dagen brann, politi og ambulanse fekk felles naudnummer.

– Ho berre såg på meg utan å svare, seier Sande.

Ho legg til at når DSB ikkje verkar å vise vilje til å lytte til innspel i det heile, er dei nøydde til å lyfte saka opp på politisk nivå.

– Dette må bli ei sak for justisministeren og regjeringa og avgjere, seier Sande.

Dersom det er slik at alt skal samlast i ein sentra vil Gunn Sande at denne skal plassert i Florø og ikkje i Bergen.

– I Bergen har dei gatenummer som gjer det langt lettare å finne fram. Om eg ringjer og seier det er frå Leikanger vil dei då rykkje ut i Sogn eller Selje? Og veit dei kvar Nollen og Sande ligg, spør Gunn Sande, som legg til at det rett nok vart sagt at vektige argument ville bli tekne på alvor.

– Om lokalkunnskap og motstand frå 24 kommunar vart rekna som vektige argumentet vart spurt om, men ikkje svart på. Eg må seie at heile møtet var ei sjokkerande oppleving, seier Gunn Sande.

Bestill abonnement på Fjordenes Tidende.