Det meldar NRK Vestland onsdag morgon på lokalradioen.

– Eg tenker at det er ei breidd samansett gruppe der mange har bidratt og gitt sine innspel. Det er ikkje nokre enkeltpersonar som fargar eller trekker konklusjonar på det, sier fylkesdirektøren og åtvarar samtidig om å spekulere i habilitet.

– Eg trur ein skal vere litt forsiktige med å etablere konspirasjonsteoriar rundt det og eg trur ein skal halde seg til realiteten i saka. Det er det viktigaste og det er der realitetane ligg.

Meiner det hadde vore ryddig å vise vurderingane

Fylkeskommunen praktiserer meiroffentlegheit, eit omgrep som handlar om at ein skal vere meir opne enn reglane tilseier, for eksempel få innsynsrett i dokumenter som i utgangspunktet fell inn under ein av unntaksreglane i offentleglova.

Eitt av medlemmane i hovudutval for opplæring meiner at publikum kunne ha fått meir innsyn i vurderingane i ei så viktig sak som dette:

– Det hadde vore ryddig frå administrasjonen si side å kort gjere greie for vurderingane som er gjort rundt både habilitet og samansetning slik at vi kan få lagt eventuelle spekulasjonar til side, seier Elias Eide (H) til NRK Vestland.

Til Fjordenes Tidende uttrykte han litt av det same tysdag:

– Ja, sjølv om vi er ueinige med mykje at det som er føreslått, og kanskje hadde håpa på eit større arbeidsgrunnlag, har vi tillit til administrasjonen og avdelingsdirektøren. Likevel meiner vi spekulasjonane om samansetninga og mogleg inhabilitet er uheldige. Her bør administrasjonen gjere greie for vurderingane som er gjort slik at ein kan få slutt på spekulasjonane, seier Elias Eide (H).

– I alle fall fylkesdirektøren er nøydd til å gjere ei uavhengig fagleg vurdering av dei konklusjonane og begrunne svært godt for å sørge for at det er tillit til prosessen, og at det er dei faglege grunnane som er lagt til grunn og ikkje personlege meiningar, seier Frank Willy Djuvik (Frp) til NRK Vestland.