– E39 nedover Vestlandet og heile kysten rundt. Det er einaste vegen eg har funne til Austlandet i dag, seier trafikkoperatør Runar Kvalshaug ved Vegtrafikksentralen Midt til Sunnmørsposten.

På meldingstenesta til vegvesenet blir det varsla om stengde vegar fleire stader onsdag som følgje av uvêret «Hans». E6 som er hovudvegen nord-sør og den mest vanlege ruta frå Nordvestlandet til Austlandet er stengd fleire stader. Også vegen gjennom Østerdalen er stengd

Frå Nordvestlandet kjem ein seg heller ikkje lenger enn til Skjåk om ein køyrer riksveg 15.

Vegen er stengt i begge retningar i området Otta-Bismo Sjåk på grunn av fleire jordskred og store vassmengder, skriv Vegtrafikksentralen Øst på meldingstenesta si.

Til vanleg kan ein også velje å køyre austover via Sogn, men onsdag nyttar det verken å køyre over Hemsedalsfjellet eller Filefjell.

– Nei, du møter stengde vegar vidare nedover der også. Det er bombardert av stengde vegar lenger aust, seier Kvalshaug og viser til kartet over stengde vegar.

Blant anna er E16 stengd i Bagn i Valdres på grunn av flaum, ifølgje Vegtrafikksentralen Øst.

Om ein ikkje kan utsetje bilturen, er altså ein 18 timar lang tur rundt heile Sørlandet einaste alternativ.