I løpet av kvelden eller natt til fredag har skiltet som viser gravplass og energiverk ved E39 på Stokkenes i Eid ramla på bakken

I tilfelle det er hærverk på skiltet så kan ein få straff for å gjere slikt, seier Dag Petter Leite, avdelingsingeniør på driftsavdelinga i Eid kommune. Dersom det er hærverk og ikkje vinden torsdag kveld som har øydelagt skilta tykkjer han det er irriterande at det skjer igjen.

- I fjor hadde vi ein periode der skilt på kommunale vegar vart snudde. Det er ikkje bra at det skjer slike ting med offentlege skilt. Det gir meirarbeid for oss, å få reparert og få skilta i orden igjen, fortel han frustrert.

I tillegg til at skiltet er nede har ei postkasse forsvunne i løpet av natta.

Politiet er kontakta, og i tilfelle nokon har sett hærverk så ynskjer dei tips.

- Vi vil gjerne ha tips. Vi hadde noko ruteknusing i bygda for fjorten dagar sidan, og det er oppklara og tilstått, seier politiførstebetjent Isak Husevåg.

Lensmannen i Eid har ikkje fått melding om andre hærverk i løpet av kvelden eller natt til fredag.