33 køyretøy var innom kontrollplassen på Kjøs for ein visuell kontroll fredag.

Av desse vart 7 køyretøy plukka ut til ein meir omfattande kontroll.

Fem køyretøy vart kontrollerte for vekt, og her var alt OK.

Ein førar prøvde å undra seg kontroll. Han køyrde forbi skilta som varsla kontrollen. Politiet vart varsla og stansa vogntoget og bringa det til Nordfjordeid trafikkstasjon for kontroll.

Under kontrollen vart det konstatert overlast, og dette førte til eit gebyr på 5.200 kroner. I tillegg måtte føraren laste om.

Det vart i tillegg oppretta eit bruksforbod for manglande dokumentasjon for ADR-godset på bilen. Lasta måtte og sikrast betre før vidare køyring.

Det vart og skrive ut mangellapp for to mindre manglar.

Føraren blir meld til politiet for å ha prøvd å undra seg kontroll.