Ordførarkandidat Stig Bakke (63) og KrF i Bremanger flagga nyleg to tiltak som dei marknadsfører i valkampen. KrF ønsker å teste ut eit kommunalt lønstilskot på 75.000 kroner årlleg til utdanna helsepersonell som buset seg og ønsker også å lokke med gratis barnehage. KrF meiner det må vedtakast ei kommunal målsetting om å auke folketalet med 50 årleg dei neste fire åra.

Slåtten

Vi treffer han travelt oppteken på veg ned til eit godt jordstykke som han leiger nede i Davik-bygda, ikkje langt frå kyrkja.

– Var det no du skulle komme? spør han overraska.

– Då har vi misforstått kvarandre

Syklande på veg ned mot sjøen held han eit knippe nye knivar til fôrhaustaren i eine neven. Over oss er skyene på vikande front for blå himmel og godvêr. Ideelle forhold for håslåtten.

Etter at underteikna har vedgått å ha bidrege til misforståinga av intervjutidspunktet med førstekandidaten til KrF, blir vi samde om å løyse det veldig praktisk. Tynne bladfyk-fingrar kan også brukast til å halde landbruksting med, medan Stig går over og skiftar knivar på fôrhaustaren. Den slo ikkje reint alle stader og samla ikkje fôret godt nok til rundballemaskina.

Hesjekos

– Eg tek ein prøverunde, så kan vi snakkast etterpå, smiler idealistgardbrukaren.

Etter litt justering av samlebretta legg fôrhaustaren ein fin skår bak seg til å lage rundballar av. Tilbake på toppen av bøen, stoppar han traktoren for ein effektiv prat om livet i bygda og «rikets tilstand» i kommunen.

– Noko av det kjekkaste eg veit sommarstid, er å ta med noko kraftfôr til fjells for å ta ein passiar med sauene våre. Då har eg noko å gå til fjells etter. Far min dreiv med 20 sau her oppe i bakkane før, men eg har dobla til 40. Då blir det enklare å drifte med rundballar. Det er berre å køyre dei inn i fjøset, opne dei og så ordnar dei seg sjølve. På heimejorda er det nokre bratte bakkar, så der set vi opp ei hes for kosen sin del. Dessutan handlar det om å ta vare på det kulturelle. På sommaren er ungdommane heime og hjelper til med hesjinga. Elles så blir bakkane brukte til beite vår og haust og så beitepussar vi litt inn i mellom.

Natur og jakt

Stig er glad i å ferdast i naturen. Han likar ski- og fotturar i fjellet og litt fjordfiske: Men hjortejakta er kanskje den aller viktigaste trivselsaktiviteten i grannelaget.

– Vi er 10 mann i jaktlaget og har ei kvote på 30 dyr her i midt-Davik. Av dei er det 15 kalvar og berre eitt hanndyr. Hannane brøler mykje rundt omkring her heile haustane, så det kan ikkje vere mangel på bukkar i bestanden. Det er flott sjølvsagt, men vi kunne heilt sikkert ha teke ut meir hanndyr. Det er noko rart med forvaltninga i denne kommunen. Det er jo moderne med kjønnsskifte no. Oppe på NTNU skiftar studentar kjønn for å komme inn. Eg har ein mistanke om det går føre seg «kjønnsskifte» i hjortebestanden her også, spøker han.

Vil ha tiltak

Bakke er veldig engasjert i å styrke folketalet og livet i Bremanger-bygdene.

– Den store folketalsnedgangen gjer at situasjonen er prekær. Vi må satse tungt for å få familiefolk og nyutdanna helsepersonell til kommunen vår. Om dette vil virke veit vi sjølvsagt ikkje før vi har prøvd. Men vi kan ikkje berre sitje i ro og ikkje gjere noko som helst for å snu nedgangen i folketalet, påpeikar Stig med politikarhatten på.

Forslaget til rekrutteringstiltak blei applaudert i helsevesenet i Bremanger. Frå venstre Trude Brosvik, fylkespolitikar og førstekandidat i Vestland KrF, sjukepleiar Henrik på jobb, driftssjef for open omsorg indre Linda Førde, Rune Nordbotten andrekandidat i Bremanger, 1. kandidat i Bremanger Stig Bakke og Jon Olav Økland, andrekandidat for Vestland KrF.  Foto: Pressefoto

Han har diskutert dette med ungdommar som no er under utdanning i byar og regionale tettstader.

– Eg har snakka med fleire som vurderer å ta seg arbeid i Nord- Norge nokre år for å betale ned studiegjelda fortast mogleg. Men dei vil gjerne velje Bremanger om vi tilbyr til dømes 75.000 årleg i løn utover vanleg løn for å betale ned studiegjeld. VI er nøydde å tiltrekke oss ungdom og barnefamiliar. Skulane treng rekruttering av fleire elevar. Det er bra akkurat no, men prognosane framover ser ikkje bra ut, understrekar han.

Røynd politikar

Innan næringspolitikken er han avventande positiv til hydrogenfabrikken på Holmaneset.

– Men vi er usikre på teknologien, det høge energitapet og høgt subsidiebehov. Vi kan ikkje seie nei til dette før sakshandsaminga er ferdig. Det går ikkje an å berre seie tvert nei til så mange arbeidsplassar.

Stig Bakke har god erfaring og fartstid som politikar. Han var medlem i formannskapet i kommunestyreperioden 2015–2019. Då var han med på å seie ja til eit nytt steinbrot på Aksla ved Svelgen. Den saka ligg no til endeleg avgjerd hos Kommunal- og distriktsdepartementet grunna sterke motsegner frå Statsforvaltaren og Riksantikvaren.

– No er ikkje den saka i våre hender lenger, men eg var for prosjektet den gongen. Det har først og fremst med arbeidsplassar å gjere. Kan ikkje hugse at nokon stemde i mot prosjektet den gongen, minnest han.

25 meters basseng

– Kva tenker du om å bygge stort nytt symjebasseng i Svelgen?

– Fordelen med Svelgen er varmtvatnet frå Elkem. Nytt og større basseng er ein besnærande tanke, vedgår han

– Utfordringa er at det kanskje betyr nedlegging av bassenga i bygdene?

– Her i Davik har vi i idrettslaget har vore med i eit spleiselag for å halde det ope. Då er det snakk om tre månader og på den tida kan du få til ei konsentrert symjeopplæring for skuleungane. Det kan vere ein fordel og del av ein strategi som eg støttar. Skulebassenget i Svelgen er veldig gammalt og skal det byggast nytt, må det vere 25 meters basseng. Eg er også open for eit eventuelt privat/offentleg samarbeid om eit slags badeland på sikt, viss ein greier å få med seg næringslivet på det. Vi lyt sjå kva som er mogleg økonomisk. Eg vaks opp i Svelgen og var del av det gode symjemiljøet i STIF fram til eg var elleve år. Då begynte dei med to treningar i døgnet. Då gav eg meg.

Lokalt næringsliv viktig

KrF er del av den tverrpolitiske semja om å halde tenestetilbodet innan oppvekst, legetenester, helsestasjon og omsorg desentralisert.

Som næringslivsmann og investor er han engasjert i Smart Salmon sine planar om eit nytt landbasert lakseanlegg i Smørhamn. Han reknar med at det kjem gode nyheiter om sluttfinansiering og realisering av prosjektet i haust. Bakke har også spelt ei aktiv rolle i Davik-samfunnet i nysatsinga på turistprosjektet Dampen.

– Eg tok initiativet til å kjøpe Dampen i lag med John Olav Lefdal og Knutholmen. Etter kvart så har Lefdal teke over prosjektet og no er det sonen hans som driv Dampen. I sommar har bubil-campinga vore full fleire helgar og det har vore kø for å komme til med bubil. Så det skapar litt nytt liv i bygda. Elles så er eg medeigar i næringsbygget i Davik i lag med Johnny Bakke, Elisabeth og Even Hatlenes.

– Kva tenker du om vindkraft?

– I denne kommunen har vi nok vindmøller på land allereie. Havvind er så subsidiekrevande at det går det ikkje an å vere tilhengar av. Det er alt for mykje pengar ut av vindauget og så må vi ta omsyn til fiskeria, understrekar han og ser rastlaust nedover bøen.

Ein nabo køyrer forbi i full fart med ei høyvogn. Det på tide å runde av.

– Blir det borgarleg fleirtal?

– Eg tenker at vi greier det, smiler han optimistisk.