– 110-sentralen melder om brann i ein båt som ligg i dokk på verftet, opplyser operasjonsleiar i Vest politidistrikt klokka 09. 24 fredag morgon.

Det pågjekk arbeid ombord i båten.

Klokka 09.34 var brannen slukka og røyken var i ferd med å avta.

– Det er ikkje meldt om røykskader og naudetatane er på staden, opplyser operasjonsleiaren.

Årsaka til brannen var ukjend og samtleg personar blei gjort rede for. Den lokale patrulje meldte om kontroll på staden.

Klokka 09.48 informerer politiet om at branntilløpet skal ha oppstatt i samband med sveisearbeid.

– Det har tatt fyr i noko isolasjon. Det er ukjent omfanf på eventuelle skadar og røykdykkarar gjer undersøkingar i båten, opplyser operasjonsleiaren.

Politiet snakkar med vitner og involverte.

Det er også bekrefta at det ikkje er personaskadar i samband med hendinga.

– Det er så langt uvisst kor mange personar som var om bord i båten då brannen starta og i tillegg ukjent kor i båten arbeidet pågjekk, opplyser operasjonsleiaren.