Søppelbøtta stod inntil butikken, men dei som har vore på ferde har flytta på den før dei sette fyr på den.

– Dei har dratt søppelbøtta mi som eg har ved butikken ut og sett fyr på den rett utanfor butikken min. Og på benken er det også svidd, seier Wilawan Pornprathan som driv Lek Fish’n Chips and Thai Food sør i Gate 1.

– Det er ikkje bra at nokon gjer slikt. Eg synest det er skummelt og eg håper ein klarer å finne ut kven som har gjort det, seier ho.

Vil gjerne ha tips frå publikum

– Vi fekk inn første meldinga om dette klokka 03.40 natt til laurdag og vi har vore og sett på det, seier politistasjonsjef Nils Bakke ved Måløy politistasjon til Fjordenes Tidende.

Politiet veit ikkje kven som står bak hæverket og påtenninga. Dersom nokon har sett noko i dette området ønsker politiet at dei tar kontakt.

– Vi er veldig interessert i tips dersom nokon har sett noko, seier politistasjonsjef Nils Bakke til Fjordenes Tidende.

Politiet veit ikkje kven som står bak hæverket og påtenninga. Dersom nokon har sett noko i dette området ønsker politiet at dei tar kontakt. Foto: privat