– Det blir ein dåp alle saman vil hugse, kanskje spesielt på grunn av vêret, smiler Cecilie Hatlenes.

Årets Seljumannamesse blei ekstra spesiell for Cecilie Hatlens og Petter Opøien Gjersvoll, som døypte dottera Amalie i Sunnivakjelda.

– Det var ei fin oppleving å få døype ho i klosterruinane, fortel Hatlenes.Og sjølv om det blei meir regn enn dei hadde rekna med, angra dei ikkje.

Ville døype i Selje

Paret bur i Sør-Trøndelag, men Hatlenes kjem frå Selje.

– Eg hadde lyst å døype heime, og akkurat den helga det passa så var det Seljumannamessa. Det blei ei fin moglegheit til å vise fram Selja, naturen og det vi har for tilreisande, fortel Hatlenes.

Ho synest det er sporty gjort av Seljumannamessekomiteen å la dei få lov å døype barnet på messa.Dåpsfølgjet var 22 i talet og synest det var spesielt å komme til Selja for dåpen.

– Helene Bøksle tilbydde seg å synge i dåpen, og det var ei veldig fin ramme rundt det heile, fortel Hatlenes.

Regn

Det var ikkje berre dåpsfølgjet som var overraska over vêret.

– For å vere ærleg, så var det for mykje regn for min smak, ler leiar for Seljumannamessekomiteen Roald Halsør, som hadde lagt igjen regnkleda heime.

Det la ikkje noko dempar på stemninga synest han.

– Det regna heile tida, men det var veldig flott song og musikk av kjempeflott kvalitet, seier han.

St. Hallvardguttene, Helene Bøksle, Jon Inge Sigerland og Line Dybedal bidrog til det musikalske.

– Det var vakkert. Så heldt prostiprest i Stryn, Henny Koppen ei flott preike. Det passa også godt, på Seljumannamessa skal det jo vere kvinnene som dominerer litt, seier Halsør.

På tidlegare messer har det vore mellom 250 til 400 menneske som har tatt turen til Selja for gudstenesta. I år blei det cirka 170. Noko Halsør trur har med vêret å gjere.

– Det var kanskje det minste det har vore. Men ein skal ikkje klage når ein tenker på vêret. Sjølv om eg likar å vere der ute, så må eg innrømme at akkurat då det regna som mest, så sakna eg Selje-kyrkja, seier han.