– Vi har gått og trippa i dørene her lenge, og har gleda oss til det skulle opne. Dette er etterlengta, seier Haldane og Hansen.

Då vi snakka med dei hadde dei ete retten BAO – det vil seie asiatiske dampa bollar med hoisinsaus, agurk og sylta gulrot.

– Det var nydeleg. Dette er absolutt ikkje smakar eg har smakt på Eid tidlegare, konkluderer Hansen.

Geir Kjetil Haugland er barndomskamerat med to av grunnleggjarane av Aske, Øyvind Haugland og Leon Knapskog. Han kom eins ærend frå Bergen for å få med seg opninga, og trur Aske kjem til å bli fylkets beste restaurant.

– Dei veit kva dei held på med. Dette kan absolutt måle seg med det beste eg har fått servert på restaurant i Bergen. Dei har funne sin eigen formel. No har eg ein god grunn til å kome oftare heim, konstaterer han medan han fortærer friterte løkringar i ølrøre med chili-dipp.

Fulltinga på ti minutt

Restauranten har sitjeplassar til 30 personar. Opningskvelden var fulltinga på ti minutt. Knapskog var godt nøgd.

– Det gjekk heilt suverent. Folk var veldig nøgde. Vi hadde ei god kjensle etterpå og feira med champagne, fortel ein av dei tre gründerane. Ved sidan av ordinær restaurant med bar, tilbyr dei gatemat ein kan ta med. I løpet av eit par månader skal også bryggeriet kome opp og gå. Det er Øyvind Haugland som blir bryggerisjef, Silje Øygard er kjøkensjef medan Knapskog den første tida vil ta eit ansvar i restauranten.

– I byrjinga må alle trå til, så får vi tilpasse oss etter kvart, seier Knapskog.

Han driv og Minibakeriet som er i vekst, der også Haugland er tilsett. Nyleg tilsette han ein ny medarbeidar som får ansvar for å steike 15.000 ferjesveler årleg til Fjord1.

– Det går i retning av at eg sjølv får ein meir administrativ jobb på Minibakeriet. Vi har planar om å tilsette ein konditor, og eg har faktisk blitt samd med ei eg kjenner frå New York som vil byrja så sant arbeidsløyve går i orden.

Det tok to månader lenger enn planlagt å få i stand restauranten. Ifølgje Knapskog klarte dei å halde budsjettet på 750.000 noko lunde.

– Ting tok meir tid enn vi planla, mellom anna fordi vi hadde ein hektisk periode på Minibakeriet før jul. Vi gjorde nokon «stunts» undervegs og kom i land cirka på budsjettet.