Vitna til Måløyraidet vert færre år for år. For Jan Tellefsen (87) er minna svidd inn i hukommelsen.

– Måløyraidet har sett sitt preg på oss som fekk oppleve det.Vi synes det er merkeleg at folk seinare ikkje forstår betydninga av raidet.

I dag fins lite fysiske spor att frå 3. juledag 1941. Det minkar også på dei som hugsar dagen då sola stod opp i vest.

– Så starta kanonaden

Jan Tellefsen vart vekt av ropa til ein kamerat i grannelaget: «Det er komme mykje snø i natt. Kom ut!».

Jan hivde seg rundt og ut, for å bruke skia på Ryggmarka.

– Men plutseleg small sola opp på vesthimmelen. Ein måtte tru det var dommedag. Så starta kanonaden.

Han forstod at noko alvorleg var i gang, og sprang mot næraste hus som var fabrikkeigar Lem sin villa. Dei kom ut i bråket og ropte at han måtte komme i hus.

– Sonen i huset var ein av våre kameratar så vi var kjende. Vi oppfatta flyangrep og skyting frå båtar. Lem hadde ein god kjellar i huset der vi sat heile dagen.

Slik opplevde Jan Tellefsen starten på 3. juledag 1941. Kula som hang over Måløy var ei lysgranat fyrt frå den engelske kryssaren Kenya. Jan hugsar godt synet av Måløy i brann.

– Eg stod i eit glas i Lem-huset. Flammane sør i Måløy gav eit dramatisk inntrykk. På Øyna kom ein voldsom eksplosjon. Det var opplyst at sprengstofflageret til Hamnevesenet gjekk i lufta. Trykket var slik at vi rygga tilbake. Elles var heile staden her innehylla i røyk. Sjøhus var bygd vegg i vegg og elden breidde seg.

Mange fly

Krigen utfalda seg med eld og flammar frå Sætreneset og nordover i gatene. Jan fekk med nokre glimt av det som hende, som skyting og senkinga av ein båt, og det brende seg fast. Men mestparten fekk han opplyst frå andre.

– På Gottebergshammaren hadde nokre tyskarar forskansa seg med naturleg skjermvegg. Derifrå skaut dei på båtane som trafikkerte på hamna. Båtane skaut tilbake opp i hammaren utan å gjere noko skade. Eg såg fly i massevis, og engelske jagarar som kom inn på hamna og senka ein hollandsk lastebåt som hadde gått seg på Trollebøflua.

Timane gjekk, dei britiske styrkane trekte seg attende og båtane forsvant.

– Det eg hugsar svært godt er at folk kom ut i gata og på vegane. Straks kom tyske soldatar og arresterte dei, førte dei til Turnhallen. Der hadde dei fullt tilsyn. Karane vart stilte opp mot murveggane. Og vi venta det verste.

Nordmannen dei leita etter hadde teke våpnet frå ein død tyskar og brukt det mot fienden, men vart ikkje funnen.

– Dei vaksne gjekk ut, vi ungane var haldne att. Vi fekk ikkje gå utfor døra den dagen.

– Fann ein revolver

Dagane etterpå saumfor Jan og kameratane branntomtene.

– Særleg hugsar eg haugevis med mitraljøse- og geværammunisjon. Dette plukka vi og fylte lommane så godt vi klarte, utan at nokon reagerte. Der gjekk tyskarar rundt om, men inga antydning om å gripe inn, seier 87-åringen og held fram:

- Eg og ein kamerat fann ein Colt-revolver med elleve skot i magasinet. Vi var redde for fylgjer om den vart oppdaga og kvitta oss med den oppe i utmarka. Den låg i ei ur, men vi har ikkje klart å finne den att.

Jan fortel at dei falne soldatane raskt vart fjerna.

– Men ei mengd lik rak i land frå båtar som var senka i Ulvesundet. Desse vart transportert med hesteslede og lagra ved «Sjukehuset», ein tidlegare tuberkoloseheim ned for huset her eg bur i dag. Der vart lik-kistene stabla. Ved desse kistene stod soldatar paradevakt.

På skuleveg såg Jan at dei fann ein tysk soldat som hadde vorte skoten og drept bak ein kassestabel, på huk, og seinare frose i stillinga han sat i.

– Dei henta han med ein lastebil frå Firda Canning. Vi stod og såg når dei skulle få han i kista. Dei måtte oppi å trakke for å få han ned i. Eg trur ikkje vi ensa det så mykje. For det var jo tyskarar, dei var fienden.

Kvite sjeve 16. mai

Så kom freden og Jan har klåre minner frå 8. mai i 1945.

– Folk samla seg i gatene. Vi 16-åringane hadde kontakt med nokre eldre tyske soldater som hadde eit dueslag på Gotteberg. Der fekk vi komme og høyre på radio. Vi sat der då meldinga frå Oslo kom at blendinga skulle opphevast øyeblikkelig. Når tyskaren som var på vakt reiv ned blendingsgardina, så var det teikna eit engelsk flagg på baksida. Det som vende ut. Då var det full fart ned til sentrum, og folk strøymde ut i gata. 17. mai-toget vart lite i forhold til det som då vart av folk som ropte hurra, seier Jan om kvelden 8. mai.

16. mai kom fem MTB-ar, to norske og tre engelske, inn på hamna.

– Dei stansa her og feira 17. mai. Det var litt av eit oppmøte av folk. Dei var om bord og fekk kvite sjeve med jordbærjam. Ei gestaposkøyte som tok land sør i byen vart stansa ved Brunsvikkaia, og mannskapet arrestert. Dei hadde kvitta seg med uniformene og fått sivile kle. Seinare vart det klart at det var Gestapo på rømmen. Jan hadde sjølv inga befatning med Gestapo.

– Nei, mi befatning med motstanden innskrenka seg til å virdareformidle illegale aviser eit par gonger. Kven som trykte dei fekk vi ikkje greie på. Eg trur ikkje vi reflekterte over faren. Ikkje fordi vi var store og sterke, men vi forstod ikkje at det var livsfarleg. Det vart ein slags trend å lese illegale aviser, på same måte som dei som hadde radio.

Fyrst i august kom det familien Tellefsen venta mest på. Faren til Jan, Leif Schrøder Tellefsen, var kaptein i handelsflåten og reiste til sjøs i oktober 1939. Sidan høyrde dei ingenting frå han før telefonen ringde i verkstaden til Jan sin bestefar. Bestefaren vende seg mot Jan: «Ja, no er far din heimkommen!».

– Eg hivde sleggja i 6. veggen og sprang heim. Der sat far min. Eg for kring halsen på han. Eg var 17 år og hadde ikkje sett han sidan eg var elleve, fortel Jan Tellefensen