– Eg likar den norske modellen der både kvinner og menn er i arbeid, samstundes som dei deler på gjeremål i heimen, seier Almaz, som kom til Måløy i fjor sommar etter ei dramatisk flukt frå heimlandet med sonen Esey som no er 5 år.

Ho fortel at ho delvis gjekk og delvis vart frakta med bil frå hovudstaden Asmara i Eritrea til kysten i Libya. Så vart ho og barnet frakta med båt over Middelhavet til Italia. Vidare gjekk ferda med tog gjennom Tyskland, Danmark, Sverige før dei endeleg nådde Norge.

Først var dei på mottak utanfor Trondheim, så var dei ei tid i Ålesund før familien endeleg samlast i Måløy.

– Eg var veldig redd. Båten var dårleg og fekk motorstopp i to timar midt ute på havet. Båtturen tok tre dagar. Det var eit stort skip, men vi var omkring 600 passasjerar, så det vart fullt. Eg kunne ikkje symje, fortel ho.

Vil ta utdanning og få jobb

Korleis er det for ei kvinne frå eit anna kontinent å kome til Nordfjord og skulle tilpasse seg eit nytt mønster, der kjønnsrollene er annleis?

Almaz seier at i Eritrea er det mannen som bestemmer. Men vi får inntrykk av at ho kjem frå eit land og ein kultur der det trass alt er ei viss sjølvstende for kvinne.

– Eg likar å jobbe og var ute i arbeid også heime i Asmara. Eg jobba som frisør og servitør. For unge kvinner er det vanleg å jobbe. Det er ikkje like vanleg når kvinnene får familie og når dei blir eldre. Unntaka er dei som driv sine eigne verksemder, til dømes butikkar. Eg kjenner ei som er 70 år og som framleis jobbar i eigen butikk.

– Han er ikkje heime før halv seks når han er på skule. Og han les mykje. Det er klart eg i den fasen må ta meir ansvar for borna. Men når han er ferdig, vil eg ta same utdanning. Då vil han ta eit større ansvar heime. Mannen min er veldig snill.

Tvinga inn i militæret

Det som gjorde situasjonen i heimlandet vanskeleg var militærdiktaturet. Ifølgje Almaz vart både ho og mannen tvinga inn i militæret, der dei måtte jobbe på uavgrensa tid.

– Eg fekk seks månader permisjon då eg fekk barn. Men så var det rett tilbake. Vi får mat, men ikkje løn. Og vi blir fråtekne all fridom.

– Vi er ortodokst kristne, og feirar ikkje jula på same måte som i Norge. Eg fastar frå 25. november til 7. januar. Det vil seie at eg berre kan ete ting som frukt, grønsaker, sylte og brød. Ikkje egg, ost, kjøt eller fisk. Og eg et aldri før tidlegast klokka 12 på dagen, seier Almaz, som fortel at dei feirer «si jul» 7. januar når fasta er slutt.

– Men sidan vi er her i landet og det ikkje er fri den dagen, blir det berre til at vi feirar heime med god mat. Her feirar alle jul 24. desember, så då feirar vi litt som her. Ungane får gåver med ting dei treng den dagen.

Har du tips om gode historier fra Vågsøy, Selje, Bremanger, Eid eller Vanylven? Tips oss på fjt@fjt.no eller på 57849000.