Nye tal frå SINTEF var god bagasje å ha med seg når skipstunnelen vart presentert for to av Ap sine fraksjonar på Stortinget.

Det var sist torsdag Ottar Nygård, ordførar i Selje, Per Roar Gjerde, Marin Harvest, Per Sævik, leiar i interimsstyret og Randi Paulsen Humborstad, Nordfjord Vekst møtte Arbeidarpartiet sine fraksjonar i stortingskomiteane for transport og næring.

Informasjon

Eit møte Nygård meiner var svært så positivt med tanke på få ut så mykje og korrekt informasjon som råd er i forkant av Stortinget si behandling av Nasjonal transportplan.

– Dei lytta og vi fekk presentert skipstunnelen for mange som vi ikkje hadde møtt før. Det er positivt. All erfaring tilseier at til meir folk får vite om skipstunnelen til meir positive vert dei, seier Nygård.

Nygård veit godt at gode tilbakemeldingar og skulderklapp ikkje få tunnelen bygd, men han er langt meir positiv etter møtet med Arbeidarpartiet sine medlemmer i dei to komiteane.

– Vi fekk beskjed om at det var svært mange i Arbeidarpartiet som ønskte skipstunnelen, seier Nygård.

Nygård fortel at Per Roar Gjerde frå Marin Harvest verkeleg fekk fram kva skipstunnelen vil bety for oppdrettsnæringa.

Nygård fortel at regjeringa legg opp til ei seksdobling av sjømatproduksjonen og at dette er noko som så absolutt vil auke samfunnsverdien av å bygge Stad skipstunnel.

– Vi hadde med nye tal frå SINTEF som er rekna ut med tanke på den planlagde auken i sjømatproduksjonen. Tale viser at skipstunnelen vil gå med ein til to milliardar i pluss i ein 25 års periode, seier Nygård.

Heile saka står i papirutgåva måndag 21. januar.

Bestill abonnement på Fjordenes Tidende.