Mari Saltkjel (39) og borna har flytta inn i generasjonsbustaden i gate 4 i Måløy. I august blir ho ordinert til ny prest i Vågsøy.

– Som 19-åring kunne eg ikkje kome meg fort nok ut i verda. Etter eg vart mor, kunne eg ikkje kome meg fort nok heim. Det er veldig godt å ha hjelp rundt seg. Her har vi oldemor på loftet og mor mi som vi for tida bur saman med. Eg har ein bror som også bur i Måløy, og ungane har søskenbarn. Det er godt for meg, konstaterer Mari.

Ho seier det ikkje er nokon løyndom at ho og ektemannen nyleg vart separert. Han bur i Stockholm.

– Det er ikkje einaste mageplasket eg har gjort i livet mitt, seier ho ærleg.

Fire generasjonar

Personalkabalen i Nordfjord prosti har gjort det mogleg for henne å flytte heim til huset besteforeldra bygde og der ho sjølv budde på loftet til ho var fire år. Då flytta familien til nybygd hus på Raudeberg. Frå ho var 18 til 19 år kom ho tilbake og budde i hovudetasjen i huset, der ho og ungane no bur saman med mor til Mari. Dei er med andre ord fire generasjonar under same tak.

– Når du er åleine med to små born og i full teneste, hender det du føler du ikkje strekk til nokon av stadene. Som sokneprest i Hornindal sidan 2008 er eg tilsett i Nordfjord prosti. Fungerande sokneprest i Vågsøy Dag Audun Rasmussen går av med pensjon 1. september, då opna det seg ein sjanse til å flytte heim til Måløy. Eg har likt meg veldig godt i Hornindal. Eg føler eg flyttar til Måløy, ikkje at eg flyttar frå Hornindal.

I tillegg til det som følgjer med småbarnslivet av omsorg og tunge tak, har familien hatt det ekstra vanskeleg sidan sonen Sverre er fødd med ein alvorleg lungesjukdom som gjer at pusten kan stoppe opp. Mari legg ikkje skjul på at det har vore tøft.

– Av og til kjennest det som eg ikkje har sove på fem år. Eg vil seie kvardagen er prega av det vi har opplevd. Det er lettare no, for det har vore komplisert. Legane trur dei har gjort det dei kan, men det er framleis høg grad av alvor.

Vil vie homofile

Saltkjel blir den første kvinnelege presten i Vågsøy. Ho er uttalt feminist – ho har til og med skrive bok om temaet feministiske prestar. Og ho er tydeleg tilhengar av at homofile skal få gifte seg i kyrkja. Med andre ord har ho nokre trekk som ein kanskje skulle tru gjorde henne til ein kontroversiell person i eit tradisjonelt konservativt miljø. Men slik verkar det ikkje å vere. Tvert om blir det hevda at ho har ei høg stjerne i Bjørgvin bispedøme. Der nokon konservative kanskje ser eit irritasjonsmoment, ser dei fleste eit friskt pust.

– Eg skal ikkje forringe det eg har gjort. Eg gjorde gode ting. Men det vart eit jag etter å vere flink, at det skulle vere flott og stort. Eg trur reisa gjennom livet har gjort at eg har valt å vere meir anonym. Kanskje skuldast det at eg er sliten etter småbarnsfasen? Boka som kom ut i 2011 føler eg på mange måtar avslutta den andre fasen. No føler eg meininga er at eg skal vere prest på ein mindre stad og gjere ein jamt god jobb kvar dag, seier ho når vi kjem inn på karriere og grunnen til at ho søkte heim til mindre forhold.

Glad ho vart prest

– Korleis trur du det blir å vere prest på heimstaden?

– Det er både fordelar og ulemper med det. Men eg tenkjer eg må nyte fordelane med at eg kjenner folk og miljøet her. Avgjerda om å bli prest etter at ho først tok lærarutdanning, har ho aldri angra på:

– Det er det beste valet eg har gjort i livet, og det kjennest som det mest naturlege.