Tekstmeldinga fleire har fått, opplyser om at ein har ein uteståande faktura og oppmodar til å betale han gjennom ein link.

– Dersom du får ein slik SMS, er han falsk. Dette er eit svindelforsøk, og du må ikkje opne linken, seier Ole Grundetjern, som er leiar for digital tryggleik i Statens vegvesen, i ei pressemelding.

Statens vegvesen blir ifølgje dei sjølv i aukande grad brukt som sender av Sms-ar og e-postar i svindelforsøk.

Vegvesenet fortel at det er lite dei kan gjere for å unngå at kriminelle gir seg ut for å vere dei.

Oppmodinga om ein likevel skal ha trykt på linken, er klar:

– Ta kontakt med politiet og banken omgåande for å varsle om hendinga, og be om hjelp mot ID-tjuveri, skriv dei i pressemeldinga.

(©NPK)