Denne leiaren stod på trykk i Fjordenes Tidende fredag 6. april:

Stadig så dukkar det opp krenkande ytringar og personkarakteristikkar i sosiale medium og kommentarfelt. Kall det gjerne hetsing. I staden for å få fram gode argument så blir det eit angrep på person eller ei gruppe med anna syn enn seg sjølv. Kvifor blir det like mykje debatt om debatten som det blir om saka? Skjer dette fordi enkelte går tom for gode argument?

Vi er heldige å bu i eit fritt land der retten til å ytre seg er stor. Denne retten må vi ta godt vare på. Vi har alle lov å meine nesten det vil. Men det er grenser. Og ikkje minst er det noko som heiter folkeskikk. Vi vaksne er barna sine førebilete. Slik vi vil at barna våre skal vere mot kvarandre bør vi vaksne også vere. Det bør vi tenke på når vi snakkar eller debatterer med kvarandre. Vi må slutte å sjikanere og krenke kvarandre. Vi bør respektere at vi har ulike meiningar. I Vågsøy har det vorte svært dårleg stemning mellom dei som er for og dei som er imot at kommunesamanslåinga med Flora. Begge leirane har no etablert sine eigne Facebook-sider.

No er det ikkje så veldig mange som kommenterer, men enkelte er svært bastante i sine syn og kraftfulle i sine ytringar. Det kan vere grunnen til at fleire verken orkar eller torer å delta i debatten. Kvar er politikarane og byråkratane som har bestemt kommunesamanslåinga i debatten som rasar? Kvifor kjem ikkje dei på banen og svarar på kritiske spørsmål som dukkar opp? Kvifor kjem ikkje fleire av dykk fram med dykkar gode argument? Korleis kan de sitje rolege og ikkje prøve å få gjort noko med den dårlege stemninga som har vorte i Vågsøy? Kvar er optimismen og moglegheitene de snakkar om i det politiske rom? Målet med Kinn kommune er vel ikkje å splitte innbyggarane og skape så dårleg stemning som det er no?