Venstre meiner gullkysten langs Sogn og Fjordane treng Kystvegen og at ferja mellom Måløy og Oldeide må gå kvar halvtime.

Fylkesårsmøtet i Venstre meiner næringslivet langs kysten er avgjerande viktig for Sogn og Fjordane og at Kystvegen er avgjerande viktig for næringslivet.

Sogn og Fjordane Venstre vil ta initiativ til at dette prosjektet vert høgt prioritert på alle nivå.

Venstre meiner også at Kystvegen er viktig for verdiskapinga langs kysten.

Partiet meiner at med Dalsfjord-sambandet og Bremanger II-sambandet er det lagt eit godt grunnlag for slik verdiskaping.

-Dei viser til at reiseavstandane mellom Måløy og Svelgen gjer det fullt mogleg å bu i ein kommune og arbeide i den andre.

Venstre meiner at i påvente av vegsambanda i Kystvegen er det naudsynt med betre ferjeavgangar og båtruter langs kysten.

Som ein del av dette krev Sogn og Fjordane Venstre at det vert innført halvtimesavgangar på ferjesambandet Måløy–Oldeide når Bremanger 2 opnar i mai 2013.

Fylkesleiar Marit Barsnes Krogsæter og stortingskandidat Sveinung Rotevatn meiner begge at direkte kommunikasjonsline sør-nord er naudsynt for at den positive utviklinga av dei marine-, maritime- og petroleumsretta næringane på kysten skal halde fram.

Les mer om skolestriden i papirutgaven onsdag 13. februar.

Bestill abonnement på Fjordenes Tidende.