RAUDEBERG: 16-åringane Henrik Vedvik og Håkon Nordbø er allereie drivne sjarkfiskarar. Neste år planlegg dei å bli reiarar.

– Vi er barndomskameratar, døypte i same vatnet i Nord-Vågsøy kyrkje. Vi har hengt saman heile livet og har same interessene. Det går i fisk. Medan dei andre på skulen sit og diskuterer fotball, diskuterer vi sjarkar, fortel Håkon Nordbø.

Sjølv om Vågsøy er eit fiskerisamfunn, kjenner dei ikkje til andre ungdomar som har så målretta ambisjonar om å gå inn i fiskerinæringa.

Skaper verdiar: Håkon Norbø (t.v.) og Henrik Vedvik går første året på Måløy vidaregåande skule, men er allereie i full gang med å skape verdiar som sjarkfiskarar på fritida.

Begge er frå Nord-Vågsøy. Henrik bur i Vedvika, Håkon på Raudeberg. Ingen av dei har flytta ut av guterommet. Dei innrømmer at ein viktig grunn til å halde på med sjarken er økonomi. Det er gode pengar å tene.

 – Eg vil tru vi har betre økonomi enn 16-åringar flest. Planen er å samle opp eigenkapital til å kjøpe større båt om eit års tid. For ei investering på kring to millionar kroner må vi ha 400.000 kroner i eigenkapital. Det skal gå bra, meiner Henrik.

Dei to er til liks med andre ungdomar mykje på internett på fritida. Men det dei studerer på nettet er kanskje ikkje for dei store massane.

– Vi ser mykje videoklipp av sjarkar på YouTube. Og sjølvsagt sjekkar vi ut sjarkar til sals på finn.no, seier Håkon.

Vi var med dei to karane på krabbefiske frå moloen på Raudeberg, der sjarken M/S Havbåra ligg, utover til Halsør og Skongsnes fyr. Dei 50 teinene vart tømt for krabbar og sett ut att, klargjort for hummarsesongen.

Skeptiske: – Dei var litt skeptiske heime i starten då eg og Henrik skulle drive på med sjarken. Men no ser dei at det går bra, seier Håkon Nordbø. Her har mørket senka seg ved Skongsnes fyr.

Elles har dei 90 teiner for fangst av kreps. Breiflabb og kvitfisk inngår også i sortimentet dei leverer til Snorre Seafood på Raudeberg. Ifølgje karane leverer Snorre Seafood krabbane vidare til foredling på Hitra, medan mykje av fisken går til Adams Matkasse.

Inntektene delt på tre

Allereie som 15-årige ungdomsskuleelevar i fjor vår starta dei to med sjarkfiske. Det er faren til Henrik, Roger Vedvik, som eig båten. Men for det meste er det Henrik og Håkon som driv han på fritida.

Til dagleg er dei elevar ved Teknikk og industriell produksjon (TIP) ved Måløy vidaregåande skule. Dei er medvitne om at utdanning må ligge i botn for satsinga.

 – Vi skal vidare på maritime fag neste år. Så blir det to år som lærlingar før vi kan gå styrmannsskule. Andre som siktar mot fiskerinæringa går gjerne naturbruk og vidare på fiske og fangst. Men vi fann ut at det er greitt å ha mekanisk kunnskap når vi skal drive sjark, seier Henrik.

Oppdatert: Henrik Vedvik (16) til rors i sjarken som faren Roger Vedvik eig. Sjarken er oppdatert med mykje teknologi etter at dei kjøpte han i Osmundsvåg i fjor.

Selskapet Havbåra er organisert slik at inntektene blir delt på tre. Karane får ein tredel kvar, medan båten får den siste tredelen. Delen som går til båten, blir også brukt til å drifte han, til dømes går kjøp av utstyr frå denne potten.

Faren til Henrik er «chief», det vil seie sjef i maskina, på ringnotfartøyet Torbas. Sjarken Havbåra er eit fritidsprosjekt.

– Han er sofareiar, gliser Henrik.

Pengar og spenning

– Sjarken vart kjøpt av ein kar i Osmundsvåg som ville pensjonere seg. Prisen var i underkant av 500.000 kroner. Vi har oppdatert han med mykje teknologi som ekkolodd, radar, autopilot, kartmaskin og VHF (naudkanal). Med alle oppgraderingane vil eg tru vi kan få meir att for han enn vi gav.

 – Kvifor siktar de så målretta mot havbruk som leveveg?

– Vi er i praksis fødde på «sjyn» begge to, med foreldre og besteforeldre som har drive i næringa. Så er det gode pengar. Og ikkje minst er det spenning.

Gutane håper å erstatte Havbåra med ein sjark på elleve meter i 2017.

– Då er det vi to som skal satse med eige selskap. Så får vi sjå om dette er noko vi kan ha som yrke, eller om det vert ein geskjeft ved sidan av arbeid på ein større båt, seier dei to gutane.

– Skal vi kunne leve av båten, må vi ha ein større båt som kan gå nordover på torskefiske, og utaskjers. Det blir betre arbeidstilhøve på ein lenger og breiare båt. Då har begge sitt eige sete i styrehuset og si eiga seng, konkluderer Henrik Vedvik.

Ni kroner kiloen: Gutane kan tjene 2-3.000 kroner på ein kveld med krabbefiske.

Ein vanleg fangst for dei no, er 260 kilo krabbe. Dei får ni kroner kiloen. Ei kveldsøkt kan dermed gje inntekter på 2.000-3.000 kroner i krabbesesongen.

– Vi er gjerne ute med sjarken tre gongar i veka. Då reiser vi ut etter skuletid i 16.30-tida og er inne att cirka klokka 20.00. Så er det rett heim til leksene, fortel Håkon Nordbø, som ikkje føler at arbeidet på sjøen går utover skulearbeidet.

– Nei, vi må sørge for å få gode nok karakterar til å kome inn på maritim neste år. Vi jobbar på Stadyard også med vasking og måling. Viss vi ikkje hadde jobba, trur eg vi hadde blitt sitjande og sløve i sofaen. Det er ikkje sikkert det hadde gått betre på skulen av den grunn.