Søndag morgon var fleire ferjer forsinka eller innstilt på grunn av den tjukke skodda.

MF Hornelen i Måløy melder at dei enn så lenge har god nok sikt til å ha normale avgangar, men at dei kanskje kan bli litt forseinka.

Skodda har no letta ved ferjekaia i Måløy, men er framleis tjukk utover mot Husevågøy og Oldeide. Foto: Fride Audunsdotter Westvik

– Dersom det er reisande frå Husevågøy, må dei ringe MF Hornelen for å gje beskjed om dette, skriv Vegtrafikksentralen vest på Twitter.

Styrmann ombord seier at dei i løpet av dagen må ta ei vurdering om skodda skulle bli verre.