Frå 15. april er det ikkje lov til å tenna bål, eingongsgrillar, bålpanner og andre former for open eld ute i naturen utan å ha søkt kommunen om lov.

Men det er likevel lov å laga bål der det openbert ikkje kan byrja å brenna, opplyser Brannvernforeningen. Det kan typisk vera stader der det framleis ligg snø på bakken, eller der det har vore mykje nedbør over lang tid.

Kommunane har visse unntak. Til dømes kan dei underteikna lokale forskrifter som gjer at dei kan vika frå bålforbodet. Ved spesielt stor brannfare, kan kommunane innføra totalforbod mot å gjera opp eld i naturen. I eit slikt tilfelle vil også godkjende bål- og grillplassar verte stengde.

Når det gjeld personleg bruk er det lov til å grilla eller bruka bålpanne i din eigen hage, i friområde i burettslag og i opne strandsoner som ikkje er i nærleiken av skog eller annan vegetasjon. Du må samtidig hugsa på at du sjølv er ansvarleg for å vurdera faren ved å gjera opp eld.

Dersom du er usikker på om det er trygt å brenna bål, bør du anten la vera eller ta kontakt med brannvesenet, skriv Brannvernforeningen.

(©NPK)