Anne Kristin Førde vaks opp i Førde i Bremanger, eller «Førs» som dei innfødde seier. Ho var nummer to i ein syskenflokk på fem.

– Vi ungane i «Førs» elska å vere nede i fjøra og leike, og levde nok litt farleg enkelte gonger. Men eg hadde ein fantastisk fin barndom, med ein far som var fiskar og ei mor som på den tida var heimeverande for å ta seg av meg og dei fire andre ungane i familien.

I barndomen til Anne Kristin var det mange born i Bremanger. So pass mange at dei tre første årstrinna i barneskulen gjekk på gamleskulen på Iglandsvik, mens fjerde til sjette klasse gjekk på skule på Hauge.

– Eg er 65-modell, men eg hugsar at 63-kullet var såpass stort at det var både A, B og C klasse då dei starta på ungdomsskulen på Hauge.

Sånn er det ikkje lenger i Bremanger, som vi kjem tilbake til.

Blei mor tidleg

Bremangerordføraren valde å starte på Handel og Kontor på Flora vidaregåande skule etter ho var ferdig med ungdomsskulen på Hauge, men etter eitt år på skulebenken valde ho å jobbe eit år som dagmamma i Florø. Det skulle ikkje gå lang tid før ho sjølv blei mor.

– Eg blei mor som 18-åring. Det gjorde til at eg ikkje tok meir tradisjonell skuleutdanning. Eg begynte å jobbe i ein barnehage og tok mange kurs retta mot barnehagearbeid før eg i 1997 som privatist tok eksamen i borne- og ungdomsarbeid.

Førde har vore leiar på ein avlastingsheim, jobba på ungdomsklubb og har vore engasjert i eit utal av lag og organisasjonar, som i fotballgruppa til Bremanger Idrettslag. I tillegg har ho vore revyartist.

– På slutten av 80-talet var det ei glanstid for revyar, og eg sat i styret i U/L Havdur. Det var ei skikkeleg kjekke tid.

– Var foreldra dine politisk aktive?

– Nei, ikkje i det heile tatt. Min politiske aktivitet starta i kraft av at eg blei politisk engasjert gjennom Fagforbundet, der eg var hovudtillitsvalt ein plass mellom seks og åtte år. Etter kvart blei eg hovudtillitsvalt for Fagforbundet Sogn og Fjordane, og reiste mykje rundt i fylket og snakka med folk, særleg innan oppvekst – kultursektoren.

Ikkje glad i privatisering

I 2014 tok Bremanger Arbeidarparti kontakt for å høyre om Anne Kristin ville stille seg på liste til kommunevalet i 2015.

– Eg sa ja, og blei vel litt overraska då eg såg eg stod så høgt som på fjerde plass, ler Førde, som fortel at ho alltid har vore sosialdemokrat i hjartet.

– Arbeidarpartiet har fokus på ein sterk offentleg sektor og viktigheita av trepartssamarbeidet mellom arbeidsgjevar- og arbeidstakarorganisasjonane og staten. Eg meiner det er heilt avgjerande for korleis vi klarer å utvikle tenestene våre til det beste for innbyggarane

– Du er altså ikkje så glad i privatisering?

– Nei, det er eg ikkje. Eg seier ikkje at vi ikkje kan ha det, men dersom vi skal ha private tenester inn i offentleg sektor meiner eg det skal det vere ideelle organisasjonar som gjer det, og ikkje firma som tar ut overskotet og brukar pengane på andre ting. Pengane skal kome tenestene og dei tilsette til gode.

– Kva har vore den mest krevjande saka i tida du har vore ordførar?

– Det er vel saka om Klokkartunet på Davik og matombringinga som vi vedtok. Det var synd at denne saka blei ein del av budsjettdebatten. For meg handla denne saka om å bruke ressursane på rett plass, rett og slett, i ein situasjon der vi ikkje har meir ressursar enn vi treng.

– Og sjølvsagt var vindkraftsaka vanskeleg å stå i. Vi politikarar blei «stilt til veggs» i forkant av siste valkamp om kor vi stod i saka, men meiningane i partigruppa til Arbeiderpartet var delte, og det var vi ærlege på. Eg er ikkje «mot» vindkraft, men eg er mot at ein etablerer eit stort vindkraftanlegg på eit fjellplatå som ein ikkje finn maken til før ein kjem til Finnmark.

Ho meiner at vindkraftsaka blei altfor langdryg.

– Ein kan ikkje ha saker som skal gå over så mange år og over så mange kommunestyreperiodar. Det er rett og slett ikkje bra.

– Korleis er motivasjonen etter fire år i ordførarstolen?

– Eg har ein sterk motivasjon til å fortsette som ordførar. Det handlar mest om at eg veit kva eg går til og at eg har mykje eg har lyst til å få sjå ferdig. Det offentlege går jo ikkje så fort. Det er mange ting som tar tid. Men eg har ei tru på at dersom vi gjer dei rette vala over tid, så blir ting bra.

Meiner drifta av tenestene kan bli største utfordringa

– Fleire av gruppeleiarane i bremangerpolitikken har sagt at saka om ei eventuell etablering av ein hydrogen- og ammoniakkfabrikk på Holmaneset blir den mest krevjande saka i den neste kommunestyreperioden. Er du einig?

– Dersom ikkje vi klarer å snu den utviklinga vi ser no, så er det ikkje Holmaneset som blir den mest krevjande saka. Den mest krevjande saka kan bli å finne svar på korleis vi skal klare å drifte tenestene våre. Eg trur ikkje det finnast eit parti som går til val på at ein skal gjere strukturendringar i skulen. Men måndag sist veke hadde 21 ungar i Bremanger sin første skuledag. Sju av dei i Kalvåg, tre på Hauge, åtte i Svelgen, to i Ålfoten og ein på Davik. Det er ingen tvil om at dette er ei utfordring for kommunen.

– Kva er det beste for borna? Det er viktig å tenke over at snart er det ikkje lenger snakk om kva vi «vil», men om kva vi «må» gjere for å klare å oppretthalde ein kvalitetsmessig god skule, seier Førde.

Anne Kristin Førde meiner det snart ikkje lenger er snakk om kva ein «vil», men om kva ein «må» gjere når det kjem til skulestruktur. Foto: Gjert Myrestrand

– Ein moglegheit som vi aldri vil få igjen

– Sjølv om organisering og drift av dei kommunale tenestene blir den mest krevjande saka, kva tenker du sjølv om australske Fortescue Future Industries sine planar på Holmaneset?

– At det blir stilt kritiske spørsmål er viktig, men eg skulle ønske at folk i utgangspunktet kunne ha eit meir objektivt syn på prosjektet. At ein kunne ta med seg i bildet at vi har fått ein moglegheit i fanget her som vi skal ta stilling til om vi vil bruke eller ikkje. Dette er ein moglegheit vi aldri vil få igjen. Fleire hevdar at eg ikkje har kompetanse til å uttale meg om hydrogen si rolle i det grøne skiftet, men eg les no litt, og ser kva fokus Europa og verda har på den rolla som den tunge skipstrafikken har når det gjeld klimautslepp. Kanskje bør vi uansett opp i «helikopteret» og sjå på kva rolle Bremanger kan spele for å bidra til produksjon av grøn energi og gi eit viktig bidrag til at vi når klimamåla som er så avgjerande for framtida vår.

Heime i huset på Torvanger har Anne Kristin god utsikt mot Hauge og Bremangerpollen. Ho vil gjerne fortsette å pendle til rådhuset i Svelgen og ordførarkontoret. Foto: Gjert Myrestrand

– Korleis opplever du forresten klimaet i kommunestyret?

– Vi har over tid arbeidd oss inn i eit veldig godt klima. Eg har lagt vekt på å vere open og inkluderande i forholdet til dei politiske prosessane. Eg kunne sikkert vore endå betre på det, men eg prøvar å halde god kontakt med gruppeleiarane. Det å forsøke å finne løysingar som dei fleste kan stå bak er viktig for meg. Og eg har fått tilbakemeldingar frå mine kollegaer i politikken på at dei meiner eg er inkluderande. Det er kjekt å høyre, smiler Anne Kristin Førde.