På Nordfjordeid samla det seg over 130 personar på badstutomta i Eidsgata og det blei halde mange sterke appellar, fortel ho.

– Det var mange appellar, og Martha Pavelich og Sunniva Honningsvåg heldt både appellar og song.

Foto: Thomas Bratlie Haugland/Kari Bergset.

Ein av dei sterke appellane var denne frå Silin på 9 år:

Silin Almagribi, 9 år:

«Hei, eg er eit barn frå Gaza.

Husker du meg?

Eg tørstet mens du drakk.

Eg sultet mens du spiste.

Eg var redd mens du sov.

Eg gråt mens du lo.

Eg blei drept mens du såg på.

Eg er eit barn frå Gaza.

Husker du meg?»

Foto: Thomas Bratlie Haugland/Kari Bergset.

Tara Almfalani (14) heldt også appell, og snakka om at dei drøymer om eit fritt Palestina i framtida der det er fred og håpet blomstrar:

«Menneskene samles, i kamp om rett,

for et Palestina fritt uten krigens nett.

La stemmene høres, over heile landet.

Sammen står vi sterkt.

Vi trur på en framtid der freden står,

der Palestina blir fritt å kan gå etter sine egne skritt!»

Foto: Thomas Bratlie Haugland/Kari Bergset.

Yara Zahra (14) var glad for å sjå alle som hadde kome for å vise støtte.

– Det har vore mange rare dager med grufulle hendingar i Palestina. Det har vore mange veker med ufatteleg smerte der vi har sett folk oppleve tap, hus, mat , familie, dyr, journalistar, helsearbeidarar og ikkje minst barn.

Ho er redd for at talet på døde barn berre har blitt, og skal forbli, eit tal.

– Gaza har blitt ein gravplass for barn, sa FNs generalsekretær for nokre veker sidan. Det kan vi ikkje akseptere. Vi må stå opp alle sammen for å stoppe det, sa ho, og meinte dette ikkje berre handla om politikk eller religion, men om menneske.

– Eg ønsker verkeleg fred til Palestina, Sudan, Syria, Ukraina og alle land som må leve krig.

Foto: Thomas Bratlie Haugland/Kari Bergset.

Song og heldt appell

Sunniva Honningsvåg og Martha Pavelich song You are my Sunshine, og heldt ein appell:

– UNICEF sin leiar konstaterer at Gaza no er verdas farlegaste plass for barn. Meir enn dobbelt så mange barn har dødd i Gaza siden 7. oktober, enn i alle verdas konfliktar i 2022. 70 prosent av dei drepte er enten barn eller kvinner. På under to månadar har 25.000 barn mista enten ein eller begge foreldra sine. Over 7.800 barn har mista livet, og eitt barn døyr cirka kvart 10. minutt, sa dei viste til kontrastane til juleferinga her heime.

– Medan vi legg pakkar under treet for barnet vårt, søskenet vårt, tantebarnet vårt, oldebarnet vårt denne jula, legg andre foreldre ungane sine i kvite posar og senkar dei ned i jorda for evig kvile.

Foto: Thomas Bratlie Haugland/Kari Bergset.

– Alle barn er like mykje verdt

Anne-Joril Bratlie Haugland heldt også appell, og fokuserte også på at det er barn som ofte lir aller mest under krig.

– 10. november blei fem barn drept i nærleiken av Betlehem. Ein av dei var den 13 år gamle Mohammad Yousef. Han var på veg til morgenbønn, då han blei skoten. (...) Mohammed Yousef var ein av nesten 20.000 menneske som har mista livet i Palestina dei siste vekene.

Ho gjekk gjennom historikken til Israel og Palestina for å gi litt bakgrunn til å forstå det som skjer no.

– Det er dette som dannar bakteppet til det forferdelige angrepet Hamas gjennomførte mot Israel 7. oktober i år. For det er viktig å presisere; alle former for sivile drap og kidnapping av uskuldige barn og eldre er grufulle handlingar som bør fordømmast. (...) Men det kan ikkje bortforklare dei handlingane som Israel med støtte frå fleire stormakter no gjennomfører mot det palestinske folk, sa ho, og bad Norge om å ta eit like tydeleg standpunkt i denne krigen som dei gjer i krigen mellom Russland og Ukraina.

Foto: Thomas Bratlie Haugland/Kari Bergset.

– For realitetane no er eit land i ruinar. To millionar menneske er på flukt. 60 prosent av alle hus er øydelagt. Folk bur på gata og det er vinter, med kulde og nedbør. Over 50.000 menneske er skadde. Sjukehus blir målretta angripne og dei manglar medisinar, elektrisitet, vatn og utstyr. Nesten 20.000 menneske er drepne på to og ein halv månad. 70 prosent av dei er kvinner og barn. Dette kunne ha vore kven som helst av oss som står her i dag, sa ho, og la til:

– Vi skal ikkje har dårleg samvit fordi vi gler oss til julefeiring her heime. Men vi må tenke oss ekstra godt om denne jula. For jula sitt bodskap er kjærleik og fred. Det betyr at ein må legge ned våpen. Og det må gjelde uansett kvar i verda ein bur. Og det bør gjelde heile året, ikkje berre i jula.

Foto: Thomas Bratlie Haugland/Kari Bergset.

Sidsel Otnes frå FO fortalde at fredsarbeidet i Palestina ligg organisasjonen nært.

– Alle dei grufulle lidingane denne krigen fører med seg er ikkje råd å beskrive. (...) Gaza har blitt den farlegaste staden i verda å vere barn seier Unicef. (...) Snart er det vinter i Gaza. Dei har ikkje kle, ikkje hus. Det finst ikkje mat å kjøpe om ein har pengar å kjøpe for. Det blir inga julefeiring i Gaza, sa ho, og la til:

– Og så er det viktig å seie at det er ikkje det Israelske folket som er skuld i dette. Israel er samansett av mange ulike menneske. Det er styringsmaktene som bombar og krigar, og både palestinske og israelske barn har like stor verdi. Vi må ha nullaksept for antisemittisme, og vise respekt for kvarandre sjølv om vi ser konflikta ulikt. Ved å akseptere kvarandre viser vi at det er håp. Håp om ei løysing mellom israelarar og palistinarar for å få fred og få leve i fred, og fred for komande generasjonar.

Foto: Thomas Bratlie Haugland/Kari Bergset.