Måndag var det møte for regionen Sunnhordland. Tysdag er det Nordhordland som står for tur. Møtet i Nordfjord kjem til å vere 30. april på Eid vidaregåande skule.

Synnøve Tollaas, lektor og plasstillitsvalt ved Stord vidaregåande skule for Norsk lektorlag, uttaler seg til NRK Vestland om saka. Ho fryktar at dette er starten på ei sentralisering av tilboda.

– Eigentleg burde vi gått saman alle saman, utanom Bergen, for dette er veldig tydeleg. At det er Bergen som skal ha alle tilboda, mens på landsbygda, om ein kan seie det slik, og den er ganske stor frå Selje til Sveio, då er det ikkje så nøye. Det seier seg sjølv at dette er utarming og det er vel ikkje det ein ønsker, seier ho til lokalradioen.

Sentralisering

For vårt inntaksområde, Nordfjord, er det fire tilbod som er er foreslått tatt ned eller flytta ut av regionen: YSK-tilbodet er tatt ned i Nordfjord. Det er berre Knarvik vgs som skal tilby YSK. FBIE er foreslått flytta til Førde, og programområdet interiør og eksponeringsdesign til Bergen. Restaurant og matfag er også tatt ned i Nordfjord. Dei som vil gå på restaurant og matfag må flytte til Førde.

Slik er møterekka:

  • Tysdag 16. april: Nordhordland, Knarvik vgs.

  • Onsdag 17. april: Stor-Bergen, Amalie Skram vgs.

  • Måndag 22. april: Indre Sogn, Sogndal vgs.

  • Torsdag 25. april: Hardanger og Voss, Voss vgs.

  • Måndag 29. april: HAFS, Sunnfjord og Sogn, Førde vgs.

  • Tysdag 30. april: Nordfjord, Eid vgs.