Vestkapphuset opna att på fredag etter å ha lege brakk sidan stormen Dagmar herja i 2011.

– Det har vore lange dagar, og vi har vore slitne heile gjengen. Men når vi møter folk og får utelukkande positive og fine tilbakemeldingar, då er det veldig kjekt, fortel ho.

Opningshelga har gått over all forventning.

– Det har vore ein pangstart. Sundag var det så mykje folk at vi ikkje hadde plass til alle. Totalt tok vi imot 500 bestillingar, og det er jo ein del på ein restaurant som rommar 40 personar, fortel Myrseth.

Tilpassar etter behov

Restauranten vil vere open kvar dag den komande tida, men den daglege leiaren vil sjå an behovet etter at dei har hatt ope ein periode.

– Vi prøvar oss på det no i starten, og så er vi litt spente på korleis det går. Vi ser an i løpet av veka som går no, seier Myrseth.

– Det har vore enormt med fok i opningshelga, men vi må kartlegge behovet etter kvart som tida går. Om det er nokre dagar der er veldig dødt, kan vi endre på det, fortel ho.

Kjem på plass etter kvart

Planen er å vidareutvikle tilbodet på Vestkapp.

– No har vi fått opna restaurant- og kafetilbodet, men det er framleis ein del ting som kjem til å kome på plass etter kvart, som å få opp turistinformasjon, å kunne tilby opplevingspakkar i samarbeid med andre aktørar og å få på plass heimeside, fortel Myrseth.

– No i byrjinga har hovudfokuset vore å berre få opne dørene og kome i gang, og så tar vi det stegvis framover.

– Ei fantastisk dugnadsånd

Kristina L. Myrseth skryt av alle dei som har stilt opp og kome med tilbakemeldingar.

– Det er ein fantastisk gjeng som har vore i sving i løpet av opningshelga og vekene før for å få alt klart, og det har vore heilt fantastisk å møte folk som spør om dei kan hjelpe til og bidra. Det er ei fantastisk dugnadsånd her i bygda, og eg trur ikkje det hadde vore slik i ein by, fortel ho.

I første omgang blir det to årsverk på Vestkapphuset. Når Myrseth går ut i fødselspermisjon i september skal systera Rebekka vikariere som dagleg leiar. I tillegg flyttar Tone Røyseth heim frå Trondheim i august for å starte som kjøkensjef.