– Det er spennande å vite at ho står der, det skaper forventingar, seier Torkjell Djupedal i venneforeininga.

Først om tre veker blir ho avduka. Før det skal Sunniva-statuen stå under presenning.

– Det var praktiske omsyn som gjorde at vi måtte ta det no. Kunstnaren Arne Mæland var oppteken med andre ting seinare, seier Torkjell Djupedal i Venner av Selje kloster.

– Vil de klare å halde ho skjult?

– Eg håpar det. Vi ser jo fasongen for presenningen er ganske tett inntil slik at ein kan ane kva som er bak. Det er spennande og skaper forventingar, seier Djupedal.

Fredag overvar han arbeidet med å sette den 3,2 meter høge statuen på sokkel på Torget i Selje. Ein kranbil måtte til for å få den 1,5 tonn tunge sokkelen og den like tunge statuen på plass.

– Det var verkeleg presisjonsarbeid, og sjølv om kranføraren var veldig flink, tok det heile dagen. Sjølve sokkelen er montert ned i grunnen i ein kubikkmeter betong for å sikre at han står fast medan statuen er bolta fast i sokkelen.

Kunstnaren sjølv passa på at alt blei riktig.

– Det var avgjerande at han var der. Men no er alt i orden, og vi ventar berre på den siste finpussen, seier Djupedal.

Heile saka står i papirutgåva onsdag 19. juni.

Bestill abonnement på Fjordenes Tidende