Heile gjengen: Tysdag ettermiddag fekk Troda 4H besøk av arkitekt og prosjektleiarar som skal hjelpe dei med å realisere sin eigen draumeplass i naturen. Det inkluderer mellom anna ein sjekk på 50.000 kroner frå Gjensidigestiftinga via 4H og prosjekthjelp som kan hjelpe dei med søke fleire midlar til finansiering av draumeplassen. – Det er eit spesielt område. Ungane blir heilt ville med ein gang dei kjem hit, seier Camilla Nesheim, som fortel at dei ser for seg eit bygg som kan opnast og lukkast slik at dei kan bruke det til overnatting og uteliv både sommar og vinter. Foto: Åge Avedal/4H sogn og fjordane