Vegtrafikksentralen Vest meldte klokka 15.04 torsdag at Bortnetunnelen på fylkesveg 616 var stengt.

Årsaka er at det ligg stein i vegbana i tunnelen mellom Svelgen og Rugsund.

– Entreprenør er på veg, opplyser Vegtrafikksentralen klokka 15.04.

Ein time seinare hadde entreprenør vore inne i tunnelen. Det viste seg då at det ikkje var ein stein som låg i vegbana, men ein ryggsekk.

Tunnelen blei etterpå opna for fri ferdsel.