Dei gode besøkstala gjer at dagleg leiar Anne Liv Ervik er klar på at marknaden er der for eit auka tilbod.

– Planen er at det nye bygget skal vere ferdig til jul neste år. Alle løyve er klare. Alt er ikkje ferdig styrebehandla, men det trur eg er ein formalitet. Planen er å starte bygginga rett etter ferien, seier Ervik.

Ho er syster til Stig Ervik, toppsjef og eigar av Ervik Havfiske saman med Kjell Magne Ervik. Ervik Havfiske Holding eig 80 prosent av aksjane i Furebuda Eigedom AS. Ervik-gruppa har levert rekordresultat siste åra, ikkje minst takka vere fiske av tannfisk i Sørishavet.

– Det er overskotet frå tannfisket som blir overført til Stadlandet, konstaterer Anne Liv Ervik om storsatsinga på Furebuda Lodge.

Får 33 rom

Med dei 19 romma og to suitane som skal byggjast i neste byggjetrinn, vil hotellet ha 33 rom. Det skal også vere konferansesal i nybygget. I dei ferskaste planane ligg også inne utvikling av kaiområde og parkeringsareal.

– Vi har hatt fullt på romma i heile sommar. Og gjestene gjev veldige gode tilbakemeldingar. Vi har nøgde kundar, då er det kjekt å jobbe, seier Ervik.

Det er kring 10 tilsette på Furebuda Lodge i toppsesongen. I tillegg leiger dei inn ekstrahjelp ved behov. Den daglege leiaren tok til i jobben 13. februar. Ho fortel at alle må ta eit tak der det trengst.

– Eg vart lova jobb som hotelldirektør, men enda i oppvasken!, seier ho og ler godt.

Dottera overtek

Anne Liv Ervik tok over styringa etter Per Freisberg, som leia den første utbyggingsfasen. Furebuda vart opna opp att som «Lodge» i fjor haust. 1. september går hotellsjefjobben vidare til dottera Jeanette Ervik Lilleeide.

– Ho har jobba som frisør i Ålesund, men ynskjer seg tilbake til Stadlandet. Ho får no ein flott sjanse til å ta dette vidare og samstundes bu på Stadlandet. For starten her har vist at potensialet for god drift er til stades.

Ervik peikar også på bookingsjef Jeff Russel som ein sentral person i drifta av hotellet. California-mannen har vore med frå starten. Ifølgje Ervik skjer mykje av tingingane gjennom nettstaden booking.com.

– Det er både tingingar ei stund i førevegen og frå folk som er i området og får hotellet opp på nettet.