Tapt eigenkapital og null interesse frå Selje kommune gjer at Jarl Lillesalt sluttar med Klosterbåten, om ikkje radikale endringar skjer.

Dermed mister Selje og reiselivsnæringa eit viktig tilbod.

– Når det gjeld den delen av Selje kommune som styrer med reiseliv er det null kompetanse, null entusiasme og absolutt null interesse. Då blir resultatet null, null og null, seier Jarl Lillesalt som eig 50 prosent av Vestkapp Båtservice som driv Klosterbåten i tillegg til ein mindre båt som sørgjer for frakt av post og fastbuande til Selja.

Geir Johnny Rye eig den andre halvparten av reiarlaget.

Lillesalt fortel at dei for fleire år sidan søkte kommunen om ein mindre sum i støtte, men at dei enno ikkje har fått svar.

– Eg har også vore i fleire møter med kommunen, men det er uråd å få klåre svar. Det vert bere med prat. No gidde vi ikkje meir. Kjem det ikkje ei avklaring frå kommunen vert båten selt eller leigd ut, seier Lillesalt.

Han fortel at det at alt har vore interessentar som ønskjer å leige båten og at den interessa framleis er til stades.

– Det som er klart er at med den leiinga som kommunen no har for reiselivssatsinga, vert det vanskeleg å få til noko som helst, seier Lillesalt.

Les mer i papirutgaven fredag 15. mars.

Bestill abonnement på Fjordenes Tidende.