Lutefiskproduksjonen sørger for fullt køyr ved Per Stave AS på Stadlandet i førjulstida.

Knapt 250 tonn lutefisk lagar verksemda Per Stave AS i vekene før jul til sal i norske butikkar, til hotell og restaurantar. I tillegg har dei sendt 40 tonn tørrfisk over grensa som blir brukt til råstoff i produksjonen av om lag 300 tonn lutefisk for marknaden i Sverige og Finland.

Lutefisk er med andre ord stor forretning for verksemda med ti fast tilsette og tre sesongarbeidarar. Årsomsetnaden siste åra har vore kring 25 millionar kroner.

Dagleg leiar Rune Stave fortel at det var faren Per som starta opp i liten skala i ei gammal sjøbud på eit nes ein kilometer utanfor Leikanger i retning Borgundvåg. I dag er det fylt ut med stein i sjøen, og eit industribygg på 3.500 kvadratmeter har reist seg.

– Far starta verksemda i 1974. Sjøbuda låg midt ute i sjøen med vatn på tre sider. Buda er framleis ein del av bygningsmassen her. Men no er det fylt ut og bygd. Den største investeringa på 15 millionar kroner gjorde vi i 2007, fortel Rune (55).

Lokala til Per Stave AS ligg her, om lag ein kilometer frå Leikanger retning Borgundvåg.

– Sjølv kom eg med i produksjonen fire år etter oppstarten, i 1978. Då far døydde i 1997 hadde vi fire-fem millionar i omsetnad. Han fekk vere med på noko av veksten, men den største veksten kom seinare, fortel Rune.

Både kona hans og to systrer jobbar på fabrikken. No er han byrja legge til rette for neste generasjon. Rune fortel at planen er at sonen Peder no skal kome i land frå båt og gå inn i drifta.

– Vi har to vaksne døtrer som bur i Ålesund. I sommar var eine barnebarnet vårt frå Ålesund her og jobba. Så eg har to generasjonar etter meg involvert, seier Rune.

Den største kunden er landets største daglegvarekjede, NorgesGruppen. I butikkane blir produkta selt under daglegvarekjeda sine eigne merkenamn, Fiskemannen og First Price. Men lutefisken er også inne hjå andre kjedar under namnet Stave Lutefisk.

Danguole Jurkiene (f.v.), Jorunn Stave og Stein Belden viser fram lutefisken slik han ser ut i butikken.

Rune Stave legg ikkje skjul på at det er prispress i marknaden, at ulike aktørar blir sett opp mot kvarandre. Dei har likevel klart å drive med overskot siste åra.

Produksjon av hundesnacks laga av tørrfisk er den andre store næringa ved fabrikken.

– Hundematen er avgjerande for at vi kan halde tørken og folk i sving heile året.

Men det har langt frå berre vore framgangar for Per Stave AS. Verksemda opplevde at den svenske lutefiskmarknaden fall saman.

– Vi var oppe i ein omsetnad på 35 millionar kroner årleg då den svenske marknaden var på topp. No omset vi for ti millionar mindre. Eg trur fallet skuldast at lutefisken fekk konkurranse i butikkane av mange nye matprodukt. Det kan også skuldast konkurranse frå svenske aktørar, trur dagleg leiar Rune Stave.

I dag anslår han at voluma dei sender ut på marknaden i Norge og Sverige er fordelt om lag 50–50. Svenskane skal ha lange, nordmennene torsk.

Ifølgje Stave tek dei imot kring 1.000 tonn fisk årleg. Verksemda er også fiskemottak og leverer ordinære fiskeprodukt på marknaden.

– Vi har kai, og tek imot ein del av fisken frå båt. Store volum kjem også med bil, seier Rune.

Produksjonen er avgjerande for å halde drifta i gang året rundt. Her Henny Stave og Charles Peter.

Han fortel at dei også har eksportert tørrfisk til Nigeria. Om sjølve luteprosessen seier han at dei startar tidleg på hausten med å filetere og tørke fisken innandørs.

– Vi legg så tørrfisken i vatn fire-fem dagar slik at han blir mjuk att. Så legg vi han i lutblanding av kaustisk soda og vatn i to-tre døgn alt etter storleik. Til slutt vatnar vi fisken ut. Heile prosessen tek om lag 14 dagar.

Stave karakteriserer prosessen som fårefri, men kaustisk soda i konsentrert form må behandlast med aktsemd.