Det er NRK Vestland som melder denne saka.

Mannen blei for tjue år sidan dømt til seks månader fengsel for «utuktig omgang» med tre unge gutar. No er han igjen i politiet og påtalemakta sitt søkelys, og må svare for nye og endå alvorlegare skuldingar frå 80- og 90-talet.

NRK opplyser at Statsadvokaten i Oslo no har tatt ut ny tiltale for to seksuelle overgrep mot gutar på 80- og 90-talet. Ifølge tiltalen har éin gut blitt utsett for overgrep i åtte år frå han var tre. Den andre guten var åtte år då overgrepa starta.

Saka skal opp i Oslo tingrett i juni der det er sett av fem dagar.

– Saka er veldig alvorleg. Det viser strafferamma på fengsel i 21 år, seier statsadvokat Tonje Tønder til NRK.

– Han erkjenner ikkje straffskuld etter tiltalen, seier mannen sin forsvarar, Paul-Inge Angelshaug til NRK.

Fotograf oppdaga mannen

På 90-talet fann ein fotograf på Vestlandet nakenfoto av unge gutar på fotorullen han skulle framkalle for mannen som då var ustraffa. Heime hos mannen fann politiet fleire hundre liknande bilde.

NRK opplyser at mannen fekk kontakt med barna gjennom organisasjonsliv og sitt dåverande arbeid. Ifølge eiga forklaring overnatta nær 100 barn hos han.